Lyse planter skyldast i hovudsak to ting: for lite næring, typisk nitrogen og svovel, og for mykje vatn som gir oksygenmangel.
– Når du skal vurdere tiltak bør du ha klart for deg kva som er årsaka, spesielt med tanke på kva mengde tilleggsgjødsel du skal gje, seier Ragnhild Sjurgard, rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving (NLR) Innlandet.
Ho har sett enkelte enger og fleire attlegg som er lyse i farga den siste tida, og vil gje sine råd for kva du kan gjere.
Rett mengde gjødsel
Er det snakk om å få fart i veksten etter drukningstendenser, er rådgjevaren klar på at små mengder gjødsel er tilstrekkeleg.
– Mest utvasking får vi på lett sandjord, mens vassdemming skjer på lettare på tyngre, finkorna jord. Hugs å sjekke kva kalktilstanden på skiftet er. Låg pH under 5,8 gjer at planterøttene er dårlegare utvikla og ha dårlegare evne til å ta opp og nytte næring, seier Sjurgard.
Når skal vi tilleggsgjødsle?
Etter mykje nedbør snakkar vi som regel om utvasking, men det siste regnværet har óg gitt avrenning på overflata, sidan det kom mykje regn på kort tid på allereie vassmetta jord.
– Frå områder med meir nedbør erfarar vi at det er behov for tilleggsgjødsling når det kjem over 30 millimeter på under to døgn innafor to til tre veker etter spiring i korn. Alt etter nedbørsmengde kan det vere snakk om to til fem kilo nitrogen per dekar i tilleggsgjødsel. Med tanke på sein spiring og etablering i attlegg utan dekkvekst meiner vi regelen kan nyttast der, og troleg for endå litt lengre tidsrom, seier Ragnhild Sjurgard.
Kva type gjødsel?
Tilleggsgjødsling bør skje så raskt det er rimeleg kjørbart, og innan ei veke etter regnværet.
– Er det utvasking, så ikkje vent på at attlegget gulnar. Kalksalpeter er den mest effektive starthjelpa sidan det er rein nitratgjødsel, men Opti-NS og NPK-gjødsel kan nyttast, seier Sjurgard.
– Ser du tendens til svovelmangel, der dei yngste blada vert lyse eller bleike, kan til dømes Opti-NS vere eit betre alternativ enn kalksalpeter. Svovel vaskast lett ut, supplerar rådgjevaren.
Dei digitale hjelpemidla er ikkje utvekla for nåverande situasjon, så det er vanskeleg å finne rett mengde tilleggsgjødsel.
– Som eit generelt råd vil vi seie tre til fire kilo nitrogen per dekar, seier Sjurgard.
Lyse enger
Etablerte enger har djupare røtter, og rådgjevaren seier at plantene i dei fleste høve vil få tak i nedvaska gjødsel.
– Om det ikkje er snakk om skarp sandjord, vil det i dei fleste tilfeller ikkje vere naudsynt med tilleggsgjødsling i etablert eng. Ofte vil det óg vere kortare tid til neste slått enn i attlegget. Har du tre til fire veker til neste slått, kan du ha glede av ei lita tilleggsgjødsling for å sette fart i veksten, seier Ragnhild Sjurgard.