Kjartan Haugen Foss, rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving (NLR) Innlandet, gjer deg sine råd for gjødsling av eng denne sesongen.
– Fyrst er det interessant å sjå kva vi gjødslar. Ei bedømming av plantedekke er høvleg å gjere når det blir grønt. Sjølv om buskinga kan hente inn att noko, er avlingspotensialet langt frå ei eng med tett plantedekke frå våren, seier rådgjevaren.
Han poengterer og kor viktig avlingsregistrering er for god planlegging av gjødsling.
– Bra, middels eller dårleg avling er ikkje etter mi meining noko godt mål. Vi har alle ulike formeningar om kva som er bra og dårleg avlingsnivå, seier Haugen Foss.
Kjapt på med husdyrgjødsel
Husdyrgjødsla bør på tidleg i vekstsesongen. Denne har sein verknad og bør få lengst mogleg tid på å frigjere næringsemne.
– Tidspunkt for vårgjødsling med husdyrgjødsel er i følgje meg så fort jorda er lagleg. Men hugs at jorda må vere lagleg, hvis ikkje påførast ho unødvendig pakkeskadar som travalege å få løyst oppat, seier Kjartan Haugen Foss.
Han fortel vidare at tidlig husdyrgjødselspreiing minimerer òg risikoen for forureiningar i fôret.
Grønt = mineralgjødseltid
Mineralgjødsla skal òg på tidleg. Rådgjevaren framheld at det bør ha vorte grønt, slik at opptaket av næringsstoff er sikra.
– Har du køyrt ut husdyrgjødsel tidleg, kan mineralgjødsla køyrast ut kort tid etter, seier Haugen Foss.
– Får ein ikkje anledning til å køyre ut husdyrgjødsel så tidleg, kan ein køyre halv planlagt mengde med mineralgjødsel for så å gjødsle siste halvdel etter gylling. Dette for å unngå tap til utvasking og lystgass ved tidleg gjødsling, men samstundes utnytte fotosyntesa og grasveksten frå fyrste stund, held rådgjevaren fram.
Han peiker på at spreiing av mineralgjødsel stort sett er ein arbeidsoperasjon med god kapasitet, og at den då er lettare å prioritera til rett tid.
– Uansett så lønar tidleg gjødsling seg, seier rådgjevaren.
Les mer
Gjødsling til potensialet
– Eg tenkjer det er viktig å gjødsle til avlingspotensialet på enga. Med dei høge gjødselprisane som det har vorte, kan det vere fristande å redusere gjødselmengda, seier Haugen Foss.
Han framheld at ei tilstrekkeleg gjødsling kontra reduksjon gje meiravling som gjev fleire fôreiningar å dele gjødselkostnaden på.
– Lågare gjødsling med for lite råprotein i fôret, vil uansett gjere det naudsynt å kjøpe inn protein i form av kraftfôr uansett, seier rådgjevaren.
– Men du kan ikkje kome utanom god agronomi. Å fornye gamal og dårleg eng, kalk sur jord og bruk husdyrgjødsel for det ho er verd blir aldri feil. Gjer du i tillegg ting til rett tid, har du kome langt, avsluttar Kjartan Haugen Foss