Oppbygging av plan
Feltarbeid
- Synfaring av feltet saman med bonden.
- Innteikning av problemområdet på kart med notering.
Utarbeiding av plan
- Omtale av kor drensvatnet kan ha utlaup. På gamle drensanlegg er ofte utlaupet tett av busk og kratt samt utrasa kanalsider der det munner ut i kanal.
- Vurdering av nytten av å grave avskjæringsgrøft i overkant av feltet eller eventuelt vedlikehald av gamle avskjæringsgrøfter som har tetna.
- Det blir gjort vurdering av om det er behov for systematisk grøfting eller om det er nok med enkelt grøfter inn i det blaute området på skiftet.
- Vi gjer detaljert omtale av korleis ein fangar opp vatnet frå blauthol.
- Vi gjer nøye omtale av korleis utforming av samlekum bør byggast opp. Viktige forskjellar om kummen tek inn overflatevatn eller er samlekum for drensledningar.
- Planen gir tilråding på grøftedjup, avstand mellom grøfter, rørtypar og aktuelt filtermaterial.
- Det blir gjort vurdering av om eldre drensanlegg kan vedlikehaldast med spyling. Det er billig løysing.
- Der det er aktuelt viser vi korleis ein koplar nye grøfter med gamle der desse blir kryssa.
- Det blir gjort spesiell omtale der drensanlegg ikkje lengre fungerer på myr etter setningar og myrsvinn. Her kan profilering eller omgraving vere aktuelt i staden for ny grøfting.
- På elvesletter og elles flate område kan vi lage planar for kanalisering, profilering og oppbygging av forbyggingar og pumpestasjonar.
- Kostnadsoverslag blir sett opp.
Ta kontakt dersom det er behov for dreneringsrådgiving.