– Eg får mange spørsmål frå meir eller mindre fortvila bønder som lurar på kva dei skal gjere for å få betre økonomi, seier Ragnhild Sjurgard, økonomirådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving (NLR) Innlandet. Ho fortel at det for mange er eit komplekst økonomisk bilete, og at driftsøkonomien kan vere vanskeleg å skille frå privatforbruket.

Skjermbilde 2020 12 01 kl 13 13 59

Få kontroll på pengeflyten

NLR Likviditet gir deg betre oversikt og styring av likviditeten. Dette er ein nøkkelfaktor for å ha ein trygg og forutsjåande økonomi året gjennom.

Les meir og ting rådgjeving

Kvardagsøkonomi

– For enkeltpersonforetak er økonomien samansatt, der både verksemdas og den private økonomien gjerne er tett vevd saman. Difor kan det vere naudsynt å få hjelpt til å skilje det eine frå det andre, og for å skaffe seg oversikt over kva forbruk som kan kuttast, seier Sjurgard.

Vidare fortel ho at det gjerne er i privatøkonomien mange har potensial for å spare.

– Det handlar om dei små tinga, som å planlegge når man køyrer oppvaskmaskina, vaskemaskina eller anna kraftkrevande hushaldningsapparat, seier rådgjevaren.

Produksjonsforbetringar

Rådgjevaren er òg ivrig på å få med gardbrukaren på å sjå etter forbetringer i eigen produksjon.

– Veit du kva slags grovfôr du fôrar med? Har du tatt prøver som gir grunnlag for å seie om du kan nytte rimelegare eller mindre mengder kraftfôr? Har du handla inn gjødsel på eit gunstig tidspunkt? Klarar du å få kalv i kua på et riktig tidspunkt? Det er mange små grep ein kan gjere som i sum faktisk utgjer ein del, seier Sjurgard.

Særleg ivrar Ragnhild Sjurgard for tenesten NLR Grovfôrøkonomi, som gir deg grundig gjennomgong av dine grovfôrkostnadar.

– Her går vi detaljert til verks. Du får ein god oversikt over kva grovfôret ditt kostar, og kvar du har rom for forbetringar, seier ho.

Kva kostar grovfôret ditt?

Med NLR Grovfôrøkonomi finn vi gardens grovfôrpris og lønsemd i moglege tiltak.

Les meir og ting rådgjeving

Nøytral part

Norsk Landbruksrådgiving er ein nøytral part i eit kvart rådgjevingsoppdrag. Nettopp dette meiner Sjurgard er grunnen til at mange tek kontakt.

– Riktignok fakturerar vi per time vi rådgjer, men vi har ingen verkemidlar som går utover bonden som søker hjelp. Når ein har kome så langt at ein innser at ein treng hjelp, er ikkje NLR ein skummel part å ta kontakt med, seier ho.

Sjurgard fortel at NLR Innlandet kan bistå med å sette bonden i kontakt med riktige instanser og avtale møter med bank og kreditorar for å forhandle fram betre løysingar og vilkår.

Treng du hjelp?

Ta kontakt med ein av våre økonomirådgjevarar