I mars startar Norsk Landbruksrådgiving (NLR) Innlandet opp Grovfôrskule 2022. Skula vil gå gjennom heile året og vil vere både digital og fysisk.

– Vi rettar oss hovudsakleg mot dei som er ferske bøndar, men om du berre treng ei lita oppfrisking er du sjølvsagt velkomen. Vi tek for oss grovfôrproduksjon til både mjølkeku, ammeku, sau og geiter, seier Oline Stubsjøen, rådgjevar i NLR Innlandet. Saman med kollega Berit Hilmen-Svanheld har ho satt opp eit innhaldsrikt program.

3 A7 A3740
Grovfôrskule 2022 gjer deg kunnskap om å produsere grovfôr til både mjølkeku, ammeku og sau. Alle foto: Morten Livenengen.
3 A7 A0898
Grovfôrskule 2022 gjer deg kunnskap om å produsere grovfôr til både mjølkeku, ammeku og sau. Alle foto: Morten Livenengen.
3 A7 A0867
Grovfôrskule 2022 gjer deg kunnskap om å produsere grovfôr til både mjølkeku, ammeku og sau. Alle foto: Morten Livenengen.

Digitalt og fysisk

Grovfôrskule 2022 startar med to digitale samlingar på Teams. Deretter kjem to markvandringer – ei før fyrsteslåtten og ei i slutten av august.

– Vi gjer markvandringane lokale, med utgongspunkt frå dei lokale kontora våre, forklarar Stubsjøen.

Grovfôrskule 2022 avsluttes med ei digital samling på hausten.

Alle samlingar vil foregå på kveldstid.

Rikhaldig program

Dei to rådgjevarane har satt opp eit innhaldsrikt program for Grovfôrskule 2022.

– I løpet av kurset vil vi gå gjennom tema som jordhelse, val av frøblandingar, planlegging av slått og mykje meir. Det vil også vere med innslag frå bønder som snakkar om drifta si i løpet av samlingane, seier Stubsjøen.

Pris

Grovfôrskule 2022 kostar kr 800,- for medlem og kr 1 200,- for ikkje-medlem.

For elevar ved vidaregåande skuler er prisen kr 400,-.

Eg vil lese meir og melde meg på