Mia NIR Foto Morten Livenengen
Mia Høiseth i NLR Innlandet testar om målingar med NIR-apparat i enga kan gi grunnlag for råd om rett haustetid. Foto: Morten Livenengen

Med eit nasjonalt mål om å auke den norskproduserte delen av fôret til husdyra, er det avgjerande å lykkast med grovfôrkvaliteten.

– For å få eit grovfôr med tilstrekkeleg høg energikonsentrasjon må bonden få presise råd om kva som er rett slåttetidspunkt for si eng, forklarar Mia Høiseth, rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving (NLR) Innlandet, og ein av prosjektarbeiderane i det nye prosjektet leia av NLR Innlandet.

Skjermbilde 2022 05 19 kl 10 33 06
Når apparatet er riktig kalibrert, kjem svaret umiddelbart opp på skjermen. Det vil gi bonden meir presis rådgjeving. Foto: Morten Livenengen

Hurtigtesting av prognoseprøver for betre grovfôr

Fakta om prosjektet

Presis rådgjeving er avgjerande

Planteutviklinga går raskt på forsommaren og det er difor naudsynt å gje gardbrukaren presise råd om kva slåttetid som er rett. Ei standard prognoseprøve, som NLR-rådgjevarane har teke ut i mange år, har ei forseinking på grunn av postgang til laboratoriet. Difor er gjerne svara frå desse prøvane litt for gamle når dei føreligg.

– Ved å gjere faktiske målingar med ei NIR-apparat i enga kan vi kanskje få eit verktøy som gjer oss i stand til å gi bonden heilt presise anbefalingar for slåttetidspunkt, seier rådgjevaren.

Denne sesongen skal apparatet testast og metodikken utviklast.

NIR-skanning

Erfaringsbygging og uttesting

Det skal samlast inn grasprøver frå 12 ulike gardar i Innlandet. Desse er plassert i nærleiken av ein meteorologisk målestasjon, som gjer det mogleg å hente ut vêrdata. Saman med prøver som sendast til standard analyse hos laboratorium, kan resultata frå NIR-skanninga verifiserast. Fysst når denne jobben er gjort med fleire prøver over fleire sesongar kan prosjektet konkludere.

– Når prøveperioden er over, vil vi vurdere om dette skal bli eit permanent tilbod for våre medlemmer, seier Høiseth.

IMG 0081