Det er fleire grunnar til at det er lurt å få utarbeidd eit digitalt kart over alle skifta ein disponerer.

For å få ein godkjent gjødslingsplan, er det krav om skiftekart. Eit kart som er laga digitalt er oftast meir oversiktleg og meir tilgjengeleg enn eit papirkart. På eit digitalt kart kan ein få fram ulike opplysningar, som for eksempel kva dei ulike skifta heiter, kva type vekst som er på dei ulike skifta og jordprøvenummer til nyaste jordprøver.

– Det er også mogleg å få fram pH, næringsinnhald og meir om gardbrukaren er interessert i det, for eksempel i samband med kalking, seier Ragnhild Sjurgard, rådgiver i Norsk Landbruksrådgiving (NLR) Innlandet.

Saman med sine kolleger set ho opp gjødslingsplanar for gardbrukarar. No tilbyr ho også å utarbeidde digitale kart som følger gjødslingsplanen.

Skjermbilde 2020 12 01 kl 13 13 59
Ragnhild Sjurgard, rådgjevar i NLR Innlandet

Tilleggsverdi

– Digitale kart er nyttig om bonden brukar avløysar eller entreprenør til å utføre arbeid på jorda, da det sikrar at tiltenkt arbeid blir utført på rett skifte, seier Sjurgard.

Ho kan i tillegg opplyse om at eitt av krava for å få gjennomført berekningar i Klimakalkulatoren er at skiftekarta er digitale.

Bestill gjødslingsplanlegging med utarbeiding av digitale skiftekart

Fyll ut felta i skjemaet, og ein rådgjevar tek snarleg kontakt med deg.