NLR har jobba mykje med trafikksikkerheit, trafikkreglar og analyser av alvorlege traktorulukker. Bruk av frontlastar og annan frontreiskap er eit viktig tema.
I artikkelen under går vi gjennom det meste du bør tenke på før du svingar ut i trafikken med traktor og frontreiskap. Tar du deg tid til å lese den, er du kanskje litt sikrare på at dette går bra.
God tur!

Lastarkøyring langs veg: Heilt ned, vurder evt. lass, og sjekk reiskapen!
Traktoren er det einaste registrerbare køyretøyet der du kan køyre med utstyr framme utan spesiell godkjenning. Men det er ikkje heilt fritt fram, og du som førar har stort ansvar.