Frå 1. januar 2024 vart dei regionale einingane i Norsk Landbruksrådgiving slått saman til ein organisasjon. Ti ulike kulturar og rådgivingstilbod skulle då bli eitt.
– Lagkjensla har fungert over all forventning, og vi har klart å levere rådgiving på same nivå til medlemmene våre som før uroa i organisasjonen knytt til kravet om samanslåing, seier Bjarne Holm, direktør i NLR SA.
Samstundes medgir han at prosessen har kosta både for organisasjonen og medarbeidarane.
– Vi merkar det på kroppen. Ei slik samanslåing kostar både tid, fokus og pengar. Eg er overtydd om at vi er på rett veg – til det betre for både tilsette og medlemmer, seier Holm.
Auka krav
Når direktøren kikar i glaskula, ser han ein organisasjon som møter gardbrukaren sitt behov for økonomirådgiving.
– Krava gardbrukaren møter til dokumentasjon aukar. Samstundes erfarer vi at dei som har best oversikt og kontroll på detaljane i eigen produksjon òg er dei som er best rusta for å lukkast økonomisk, seier Holm.
Difor vil det vere viktig for NLR å styrke satsinga på økonomi, økonomirådgiving kopla til HMS og bygningsrådgiving.
– Eigentleg skal all rådgivinga vår ha fokus på kva som lønar seg for det einskilde medlem, utifrå føresetnadane på garden, supplerer Holm.
Direktøren skisserer òg ei vidare satsing på fagutvikling og formidling der ein ser eit behov. Her nemner han mellom anna plantevern, gjødslingsplanlegging, jordflytting, jordhelse, fornybar energi og maskinteknikk.
NLR som bindeledd
Bjarne Holm peiker på at NLR er og skal vere bindeleddet mellom forskinga og den utøvande gardbrukar.
– Alle skal ha ein klimaplan og landbruket har forplikta seg til ein reduksjon av klimagassutslepp innan 2030. Samstundes aukar medvitet hos dei som kjøper varene som landbruket produserer, og det vert stilt krav om å dokumentere berekraft. NLR er sentral i at landbruket skal levere på avtalen og vi skal gje gardbrukaren god rådgiving, seier han.
Holm viser til kravet frå utlånarar og forsikringsselskap om dokumentasjon på berekraft og klimaarbeid som klausul for å få innvilga lån og forsikring.
– Vi skal kort og godt gje gardbrukaren råd på det han eller ho treng, seier Holm.
Treng framoverlente rådgjevarar
Og at gardbrukarane treng framoverlente rådgjevarar kan Arnstein Røyneberg, styreleiar i NLR, stadfeste. Han nyttar rådgiving frå NLR særleg til HMS og planteproduksjon.
– Eg treng tett oppfylging og nyttar ein til ein-rådgiving i drifta. For meg er det viktigast at NLR er best innafor dei fagområda der vi har tenester i dag. Landbruket er alltid i endring og eg treng at NLR er framoverlente og klare til å levere det eg treng til ei kvar tid, seier Røyneberg.
Vidare påpeiker han kor naudsynt det er med heilheitleg rådgiving.
– I dag nyttar eg fleire rådgivingsaktørar, og rådgivinga er overlappande. Det er i kommunikasjonen mellom meg og dei ulike rådgivingsaktørane eg finn svake punkt som kan ramme mi drift, seier Røyneberg.
Meir synergi i 2025
Arnstein Røyneberg har ikkje merka dei store endringane sidan NLR vart ein organisasjon. Han held seg til dei same rådgjevarane frå dei same kontorplassane som tidlegare.
– Det meist merkbare er at eg får meir og betre informasjon om kva tenester organisasjonen tilbyr, seier han.
Og måla for styret i det nye året er å hente ut meir synergieffekt som ligg i samanslåinga.
– Vi skal arbeide for eit økonomisk resultat som set organisasjonen i stand til å vidareutvikle seg til det beste for bonden, seier Røyneberg.