Det siste året har det vore eit markant taktskifte i etablering av nye biogassanlegg i Noreg. Planar om anlegg vert presentert og bygging av nye startar. Og her er det snakk om dei store industrialiserte biogassanlegga.

– Landbruket har ei svært viktig rolle, både som råstoffleverandør og som mottakar av biorest. På eigersida av disse prosjekta finn vi aktørar med økonomisk handlingsrom, som ser på biogass i eit langsiktig perspektiv med grøn satsing, seier Jon Geirmund Lied, rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving (NLR).

Jon Geirmund Lied
Jon Geirmund Lied, rådgjevar i NLR

Saman med kollegaene, Mari Aker, Wolfgang Dohrn og Bjørn Steinar Skarbø, som arbeider med fornybar energi, tilrår dei bønder å stå samla og forhandle med biogassanlegg om levering av husdyrgjødsel i felleskap.

Attraktivt råstoff

Jon Geirmund Lied kan opplyse om at nokre norske biogassanlegg no og eksporterer oppgradert biogass til den tyske drivstoffmarknaden. Og kva har så dette å seie for for bøndene i dei områda som er aktuelle for etablering av nye biogassanlegg?

– For det første: Landbruket vil vere ein svært viktig samarbeidspartnar fordi bøndene eig eit attraktivt råstoff, nemleg husdyrgjødsel, og forvaltar store spreieareal for bioresten, seier Lied.

Vidare fortel Lied at det i konsepta til desse nye biogassaktørane ser ut til at tilgong på husdyrgjødsel og spreieareal er svært sentralt, ja kanskje avgjerande for at prosjekt vert realisert. Desse store anlegga vil truleg kunne ta ut ein høgare pris på produsert biogass enn mindre gards- og grendeanlegg, noko som også må kome landbruket til gode.

– Samstundes vil det kunne vere positivt for landbruket der biorest mellom anna kan ha betre agronomiske kvalitetar enn husdyrgjødsel, ikkje minst gjeld det for spreieegenskapar, seier rådgjevaren.

Gode avtalar mellom biogassanlegg og bøndene

– Vi registrerer at ulike aktørar på utbyggersida har ulik tilnærming til samarbeidet med landbruket. Frå dei som oppfordrar landbruket til å samordne seg i eit selskap, slik at utbyggar kan ha ein part å forhalde seg til når det skal forhandlast og skrivast avtaler, til utbyggarar som avviser å forhandle med bøndene som gruppe, men reiser frå gard til gard og forhandlar med ein og ein bonde, fortel Lied.

– Vår klare tilrådning til bønder i denne situasjonen, er å avvise individuelle forhandlingar og organisere seg og forhandle som ei gruppe, understrekar rådgjevaren.

Og rådgjevarene er klare på at sjølve avtaleutkastet bør drøftast med personar som har kunnskap om og erfaring med liknande avtaler. Det gjeld både fagkunnige og juridisk kompetanse.

– Eit element som må inn i avtalen, er avklaringar om korleis klimagevinsten ved biogassproduksjon basert på husdyrgjødsel skal handterast. Ein må ha i tankane korleis ei eventuell klimaavgift på produksjon av husdyrgjødsel vil slå ut, dersom det vert innført, seier Lied.

Meirverdi med opphavsgaranti

Med den internasjonale situasjonen på energimarknaden er biogass i ferd med å få auka status og etterspurnad. Biogass er grøn energi, og i drivstoffkvalitet (flytande eller komprimert) er gassen ei internasjonal handelsvare som kan erstatte fossil gass og nytte seg av den same logistikken med omsyn på frakt, distribusjon, sal og forbruk.

– Dei som har flytande eller komprimert biogass å selje, vil kunne oppnå ein meirverdi på gassen ved å tilby såkalla opphavsgarantiar. Dette er eit sertifikat som blir utsteda til dei produsentane som kan dokumentere at gassen er produsert etter eit sett med kriteriar. For biogass produsert i hovudsak med husdyrgjødsel som substrat, er det i Tyskland, til dømes, snakk om 40-45 øre per kilowattime. Føresetnaden er garanti for at den er basert i hovudsak på gjødsel frå landbruket. Verdien på opphavsgaranti varierer, forklarar Lied.

Meirverdien av opphavsgarantien vil vere ein drivkraft for eksport av biogass basert på husdyrgjødsel. Så langt rådgjevarane i NLR kjenner til, er det enno ikkje innført ei ordning for opphavsgaranti for biogass av drivstoffkvalitet i Noreg.

Fordeling av meirverdi

Jon Geirmund Lied og hans kollegaer er opptekne av at bonden skal kome godt ut av det når dei leverer husdyrgjødsel til biogassanlegga.

– Det er viktig at ein i avtalen med biogassanlegget har med eit punkt om fordeling av meirverdien ved eventuelt sal av opphavsgarantiar. For landbruket må andelen av meirverdien minimum dekke kostnadane landbruket eventuelt blir pålagt for klimagassutsleppa frå drifta. Det same bør gjelde ved ein eventuell meirverdi ved sal av grøn CO2, seier Lied.

Det viktige for bønder som leverer gjødsel til slike anlegg, er å sitte att med ein gevinst for gjødsla som ein del av inntektsgrunnlaget på garden. Rådgjevarane peiker på følgende viktige føresetnader:

  • Å få dekka sine kostnadar knytt til å levere gjødsel til biogassproduksjon og ta imot biogjødsel (forsterka tilkomstveg, brøyting, støing, ekstra lager også vidare)
  • Å få i retur ei høveleg mengde biogjødsel av tilfredstillande kvalitet
  • Å behalde størst mogleg del av tilskotet som bøder for for gjødsel brukt som råstoff i biogassproduksjon
  • Å i tillegg få ein pris for gjødsla som rimeleg grad reflekterer den salsverdien biogassprodusenten oppnår i marknaden
  • Unngå å sitte att med Svarte Per dersom ho eller han må betale framtidig CO2-avgift for gjødsla; samstundes som avtakaren (biogassprodusenten) skor seg på miljøgevinsten

– Nøkkelen i ein slik samanheng er å inngå avtalar som sikrar slik verditilgang til garden. Så langt har avtaleinngåing vore nokså tilfeldig og ofte slik at godtgjeringa til bonden ikkje reflekterar verdien gjødsla har som råstoff for biogass, seier Jon Geirmund Lied.