– I år skal eg auke grovfôrkvaliteten min. Det er målet rådgjevar og eg har sett for arbeidet med NLR Grovfôrstrategi, seier Jo Ivar Kleiven, mjølkeprodusent frå Lalm i Innlandet. Han har vore gardbrukar sidan 2008, fyrst med sau og ku, men no berre som mjølkeprodusent. Og utlærd kjenner han seg ikkje.

– Ein skulle tru ein kunne ein del etter 16 år i yrket, men det er mykje å lære når ein går inn for å gjere grovfôrdyrkinga skikkeleg, seier Kleiven.

To dyrkingsregime

Heimgarden ligg på snaue 700 meter over havet, medan ein god del av leigejorda ligg på 350 meter. Det gjer at eit treslåttsystem kan fungere på leigejorda, men ikkje på heimgarden.

Lalm foto morten berntsen red
SAMARBEID: NLR-rådgivar Kjersti Sveen fyljer Jo Ivar Kleiven tett denne sesongen, gjennom NLR Grovfôrstrategi. Foto: Morten Livenengen

– For å lukkast med eit treslåttsystem, må ein kome i gong tidleg nok med fyrsteslåtten, seier Kjersti Sveen, rådgjevar i NLR. Ho fyljer Jo Ivar Kleiven tett denne sesongen, gjennom NLR Grovfôrstrategi.

– Tidleg slått er viktig for å kunne få fôr med høg energiverdi. Gjenveksten må komme fort i gang att etter slåttane, så du må raskt ut på med gjødsla. Vær nøye med stubbhøgde. Den bør være på 10-12 cm. Det er ingen ting å hente i den nedste delen av graset. Og er det spreidd husdyrgjødsel, kan sporar fylgje med inn i fôret viss det er stubba for lågt. Etter tredje slått, må det få tid til gjenvekst for eventuell brakking på hausten, og for at plantene får tid til innvintring etter sisteslått, seier Sveen.

NLR Grovfôrstrategi

Gjer gull av grovfôret ditt

Grovfôrdyrkinga sin tur

– Mjølkekua krev godt grovfôr, og her har eg ein del å gå på. Før har eg hatt fokus på nydyrking og fjøsbygging. No var tida inne for å ta tak i grovfôrdyrkinga, seier Jo Ivar Kleiven. Då han kom over informasjon om NLR Grovfôrstrategi, var han ikkje i tvil om at dette var noko for han.

– Den tette oppfylginga frå rådgjevar gjer at eg vert motivert til å gjere dei rette tiltaka. Om eg produserer betre grovfôr, og kan redusere kraftfôrinnkjøpet, har eg meir enn tent inn kostnadane ved tenesta frå NLR, seier Kleiven.

Rekordtidleg

Allereie tidleg på våren var Jo Ivar Kleiven og Kjersti Sveen i gong med rådgjevingsopplegget.

– Etter oppstartsmøtet, hadde vi engvandringar både på leigejord og heimejord. På ei andreårseng heime på garden, var det så godt tilslag på kløver, at vi gjekk inn og justerte ned nitrogengjødslinga, seier Sveen.

Lalm foto morten berntsen 2
LOVENDE: Fyrsteslåtten kom overraskande tidleg i år og det var optimalt grovêr før andreslåtten, så dette dette ser veldig bra ut. (Foto: Morten Livenengen)

Fyrsteslåtten kom overraskande tidleg i år

– Vi slo allereie 1. juni. Så tidleg har eg aldri teke slåtten før, seier Jo Ivar Kleiven. Han har ikkje tilgang til vatning, så avlingsmengda vart liten, sidan mykje eng var tynn som følge av ein vår og forsommar med tørt og varmt vêr. Samstundes har nok fôret som vart hausta vonleg både høgt tørrstoffinnhald og energikonsentrasjon.

– Det har vore optimalt grovêr før andreslåtten, og dette ser veldig bra ut, seier Kjersti Sveen.

Eit godt opplegg

Både gardbrukar og rådgjevar er einige om at NLR Grovfôrstrategi er eit opplegg som fungerer veldig godt.

– Eg har allereie hatt eit stort utbytte av NLR Grovfôrstrategi. Det gjev meg motivasjon til å følge opp grovfôrdyrkinga på ein god måte, seier Jo Ivar Kleiven.

– Også som rådgjevar vert du utfordra. Det likar eg, seier Kjersti Sveen.

Lalm foto morten berntsen 3
GODT UTBYTTE: NLR-rådgivar Kjersti Sveen og bonde Jo Ivar Kleiven er einige om at NLR Grovfôrstrategi fungerer veldig godt, og gjev stort utbytte. (Foto: Morten Livenengen)