Dei fleste saueraser kjem i brunst på seinhausten som ein g av ein respons på kortare dagar. Om sauen ikkje blir bedekka ved fyrste anledning vil den i løpet av sesongen gå gjennom 3-5 brunstsyklusar. Kvar syklus tar om lag 16 dagar.
Ein styrer når lemminga startar om våren med hjelp av når ein slepp til vêren på hausten. Vanlig drektighetstid er mellom 147 og 149 dagar for NKS og ca 144-147 på Spelsau. Det er normalt litt kortare drektighet om dyret har mange foster.
Sjå til at vêren er frisk!
Sjukdom kan påverka sædkvalitet- og produksjon. Derfor skal vêren ha vore feberfri og frisk dei siste åtte vekene før paringa tek til. Det tek seks til sju veker for at sæden modnes, dette betyr at dårlig helse og sjukdom kan påverke befruktningsevna fleire veker fram i tid.
Sjekk testiklane til vêren: Det skal være to testiklar i pungen. Desse skal vere av lik storleik og dei skal kunne bevege seg fritt opp og ned på kvar side.
Beina er eit viktig reiskap når søyene skal pares, så klauvene bør sjekkast og eventuelt beskjerast om det er nødvendig for at veren skal stå godt når han tek sats.
Har vêren våre sjuk bør du forsøke skaffe deg ein ny snarast råd.
Påsettlamma bør gå med egen vêr. Dette er viktig for at dominante søyer ikkje skal "overskygge" lammenes brunst og vilje til å vise seg for vêren. Lam har ofte svakare og kortare brunst enn vaksne dyr og mange slit med mange «tomme» påsettlam.
Reduser risiko for tomme dyr
Mange bytter vêr mellom grupper etter ca 1 syklus. Har vêren vore steril eller ikkje fått det til er det da fortsatt tid til å få dyra drektige når neste vêr blir introdusert i gruppa. På denne måten reduserer du sjansen for unødvendig mange tomme dyr.
Om dyra ikkje blir drektige i haust, er det lite du kan gjere for og få eit godt resultat kommande år.