I Danmark vart det tidleg i januar gjennomført ein plantekongress, med særs mange interessante tema. Men det var berre eit fåtal av foredraga som streifa innom potetproduksjon. Når ein likevel velgjer å starte med noen klipp frå to presentasjonar på plantekongressen, er det fordi problemstillinga som vart tatt opp er allmenngyldig.

I det eine foredraget tok Ghita Cordsen Nielsen, SEGES, for seg utfordringane ein vil få om insektmidla forsvinn. I Danmark har middel som tilsvarar Karate, Mavrik og Mospilan alle utløpsdato i 2024. Dei har i tillegg Pirimor (ikkje lengre i Noreg), som går ut i 2026 og Teppeki som varar heilt til sist i 2027. Nesten alle skadedyrmiddel er under revurdering i EU og ein veit ikkje om godkjenninga blir fornya eller om prosessen dreg ut i tid. Det er generelt stor usikkerheit om kva som vil skje, og det er for tida ikkje utsikt til å få nye middel.

For noen av midla vart det vist døme på kor store økonomiske konsekvensar det kan bli om eit middel forsvinn. For potet var det berre rekna på effekt av sikadeangrep og Mospilan. Gjennomsnittleg netto meirutbytte i forsøk er 350 kr pr. dekar, med maks netto meirutbytte på 1010 kr. Det er da rekna med ein potetpris på 4,35 DK pr. kg. Sikadeangrep i potet er rangert som det nest dyraste etter rapsjordloppe.

Om framtida forventar Ghita Cordsen Nielsen at ein får færre middel, dårlegare effekt og dyrare løysingar. Men avsluttar med at: «Vi skal finde alternative løsninger. Vi er ikke nået så langt. Måske kan ny RNA-teknik hjælpe os.»

Framtidas plantevern

Framtidas plantevernmiddel var tema i eit interessant foredrag av Nina Cedergreen, Institut for Plante og Miljøvidenskab, Københavns Universitet. «Bioteknologiske nyskabelser: Proteiner, peptider og små dobbeltstrengede RNA (og masser af mikroorganismer!).

Eit kjent protein er Bt, som har blitt bruka som insektmiddel sida 1920-talet. Peptider er ei kjede av aminosyrar som er bunde saman gjennom peptidbindingar. Det blir no forska mye på å utvikle nye insektmiddel basert på edderkoppgift, såkalla bioinsekticid som kanskje kan målrettast mot nervesystemet. I USA har eit firma (Vestaron), fleire produkt på marknaden

RNA

Ein av nobelprisane i 2023 gjekk til forskarane bak mRNA-vaksineteknologien (Katalin Karikó og Drew Weissman), dei hadde samarbeida om arbeidet frå 1990 talet. Det faglege gjennombrotet kom i 2005 og full utteljing fekk teknologien med Covi-19 vaksina under Koronapandemien. Like spennande er denne teknologien i framtidas plantevern. dsRNA er allereie i bruk i noen GMO-plantar (papaya, mais ..). Etter som GMO ikkje er lovleg i Europa, blir det undersøkt om det kan sprøytast på kulturen. Koloradobille er første prøvekanin og første produkt er under godkjenning hos Amerikanske miljømyndigheiter.

Om middelet kjem i bruk i USA, vil det sannsynlegvis gå fleire år før det kjem til Europa. Det er også usikkert om folk i Europa vil godta slike middel. Det er alltid vanskeleg å spå, men det interessant å følgje med på utviklinga.

Coloradobillebilde til Nytt fra forskinga P1000745
Coloradobille

Sverige

Prosjekt om settepotetbehandling og genetisk resistens får til saman nesten 6 millionar kroner i den siste utlysinga til Stiftelsen Lantbruksforskning i 2023. I siste runde kom det inn 8 søknader og to vart innvilga.

Det første prosjektet handlar om å behandle settepoteten med varm fuktig luft (Thermo Seed). Metoden er kjent som ein moderne og miljøvennleg metode for å sanere frøoverførte sjukdommar i korn. Tenk om ein kan få til det i potet?

Det andre prosjektet handlar om å fremme haldbar bruk av nye resistente potetsortar og biopesticid i svensk potetproduksjon.

I ei tidlegare utlysing i 2023 fekk Sveriges Lantbruksuniversitet (SLU) v/Bjørn Andersson i underkant av 3 millionar til å undersøke om det er utvikla resistens mot tørråtemiddel i svensk potetproduksjon. Målet er å lage grunnlag for utvikling av nye strategiar i kampen mot tørråte, som reduserar risiko for resistensutvikling. Prosjektet skal gjennomførast i samarbeid med næring og rådgivingsteneste.

Canada og USA

I Pennsylvania (USA) har forskarar leita og funne 6 nye artar av blautråtebakteriar (Pectobacterium) og ein ny variant av Diceya. Ein av blautråteartane var tidlegare aldri påvist i USA. Blautråtebakteriar er årsak til både stengelråte og blautråte, og har store kostnader for produsentane. Håpet er at identifiseringa av dei nye artane, skal vera med på å gi ei betre forståing av årsakene til utbrot av stengelråte.

Kanskje har dei ulike artane av Pectobacterium ulik temperaturoptimum for vekst eller for å produsere symptom på knollane. Noe som gjer at angrepet blir meir eller mindre alvorleg pga. varierande klimavilkår.

Forskargruppa planlegg å gå vidare med arbeidet gjennom å teste effekten av kvar art på potet, utvikle overvakingsverktøy og vurdere om det er behov for nye metodar i kampen mot stengel- og blautråte.

Funna er publisert i Systematic and Applied Microbiology

Berekraft

I ein artikkel på Spudsmart (spudmart.com), blir ordet bærekraft (sustainability) omtalt som det nye popoppordet. Det blir vist til at firma heile tida gir ut informasjon om korleis dei planlegg å bli meire bærekraftig. Slike planar er hovudsakeleg gitt ut i rapportform. Som ein følge av det, har det utvikla seg ein heil industri som hjelper til å lage slike rapportar. Og i Canada har styresmaktene kravd at firma må ha med eit oversyn over klimapåverknad i finansrapporten. Grønvasking eller ikkje, nye arbeidsoppgåver kan det bli.