Fjellandbruket har særskilte utfordringar- og moglegheiter knytt til store avstandar, små eigedomar, bratt terreng og klima/vekstsonar. Fjellandbruket har også særeigne driftsmåtar med stor grad av husdyrhald, utnytting av utmarksbeite og stølsdrift. Det fordrar ei særskilt merksemd. Kunnskap om sortsmateriale og dyrkingsteknikk kan i ein viss grad delast med Nord-Norge eller andre klimatiske område i sør, men noko er særeigent.
For nokre år tilbake hadde NIBIO faste samlingar der rådgivarane innanfor fjellandbruket vart oppdaterte på den nyaste kunnskapen og dei ferskaste forskingsresultata som var relevante for bønder i dal- og fjellbygder. Dei siste åra har vi sakna slike samlingar, og vi fryktar for at spisskompetansen blir svekka. NLR SA ønsker derfor å få til eit breiare samarbeid på tvers av regionar for å styrke dette samarbeidet.
Rådgivarsamling
Med støtte frå Statsforvaltaren i Innlandet har NLR invitert til ei rådgivarsamling for fjellandbruket den 10. april på Hamar. Der vil vi etablere ein dialog med NIBIO, Nasjonalt senter for fjellandbruk, andre rådgivingsorganisasjonar, og statsforvaltarar og fylkeskommunar i dei fire fylka med fjellandbruksmidlar. Målet er å finne fram til gode samarbeidsformer, men også kva som er ei fornuftig arbeidsdeling dei ulike instansane imellom.
Magnhild Strand, som er grovfôrrådgivar i Innlandet, har fått ansvar for å koordinere fjellandbrukssatinga i NLR. For å planleggje den første samlinga har ho hatt med seg grovfôrkoordinator Ragnhild Borchsenius, og rådgivarane Jenny Kristin Heggvold frå Trøndelag og Mari Hage Landsverk frå Østlandet.
Magnhild Strand frå Innlandet skal koordinere fjellandbrukssatsinga i NLR. Ho har lang erfaring som grovfôrrådgivar i Valdres, og har m.a. jobba med utmarksbeiting og stølsdrift.
– Det er ei viktig målsetjing å klare å vedlikehalde god spisskompetanse på fjellandbrukstema i NLR, seier Magnhild.
– Bøndene i dal- og fjellbygder fortener at nokon er særskilt opptekne av å løyse utfordringar som dei står meir eller mindre aleine med å ha. Rundt 20 prosent av den innanlandske maten blir produsert i slike område, påpeikar ho.