Å ha nokon å diskutere med nå ein skal ta over garden er viktig, men like god bruk for mentor kan ein ha når ein skal til med ein ny produksjon.

- Det er bra med ein sparringpartnar, då det alltid er nye spørsmål som dukke opp, seier Lars Erik Megarden.

Storfe er ikkje noko nytt for Lars Erik. Han har allereie drevet med ammekyr på Limousin ein del år. Bygging av nytt ammekufjøs er han også ferdig med. Men mjølkeproduksjon har det ikkje vore på garden sidan først på 2000-talet, då foreldra dreiv garden.

Også for nye produksjonar

Lars Erik hadde oppfatta mentorordninga som ei ordning for ny bønder, men las ein gong at det også kunne vere eit tilbod for den som skulle starte opp med ein ny produksjon. Han visste at skulle han starte med mjølkeproduksjon, kom det til å bli mange spørsmål som han måtte få svar på. Han har fleire gode naboar han kan spørje, men såg at også ein mentor utanfor det nærmaste nettverket kunne bli nyttig.

Erfaren mentor

Sambygding Berit Haarstad Foss har vore mentor tidlegare, både på sau og mjølkeproduksjon. Det var naturleg å spørje henne om å blir mentor.

Berit har drevet mjølkebruket sidan 2015 saman med mannen Joar. Dei starte da opp i eit relativt nytt robotfjøs. Ei spelsau-besetning har dei også på garden. I tillegg til gardsdrifta er ho sal- og fagkonsulent i Felleskjøpet, så ho måtte tenkje litt før ho tok på seg å vere mentor også dette året.

- Men å vere mentor er så givande og lærerikt, seier Berit då ho tar på deg oppgåva.

Lars Erik og Berit 2b ved PC
Lars Erik Megarden er ein interessert og erfaren bonde, men når det kom til start av mjølkeproduksjon var det nyttig å få en en erfaren kollega med på laget. Berit Haarstad Foss synes det er givande og lærerikt å vere mentor. (Foto: Torhild Svisdal Mjøen)

- Framme i skoa

Lars Erik og Berit kjente godt til kvarandre frå før, gjennom felles interesse for landbruket, organisasjonsarbeid m.m.

- Ein legger merke til Lars Erik i miljøet, seier Berit og fortel at han er ein som er langt framme i skoa. Lars Erik har køyrd finsnittar hjå Berit og Joar i fleire år, så grovfôr og fôring har dei diskutert før.

Det er viktig at mentor og adept har god kjemi, noko dei båe bekreftar etter eit år i ordninga. Praten har gått om laust og fast og møta har vore uformelle og opne, også om økonomi. I tillegg til planlagde møter har det òg vore telefonar og SMS-ar, for å diskutere spørsmål som har dukka opp innimellom.

- Eg har prøvd å unngå å ta kontakt på kveldstid, da, kjem det frå Lars Erik, medan Berit kvitterer med at ho er streng på telefoner utanom arbeidstid pga. jobben i FK, men har alltid ønske om å svare om Lars Erik ringer.

- Av og til har det vore nødvendig å kunne spørje også på kveldstid, og da får ein sove så godt om natta når ein har fått noko svar, seier Lars Erik.

Plan for året

Dei starta året med gjensidige besøk og sette opp ei plan. Dei tenkte i gjennom kva tema som kunne bli aktuelt dette første året når det vart oppstart med mjølkeku. Starten blei diskusjon om driftsplan, nivå på produksjon og økonomi. Etter kvart vart det meir konkrete tema som tekniske løysningar, førebuingar til kalving, kalvestell og mjølkekvalitet, fôring og hygieneteknikk. Det var mange fleire tema enn det som var i plana, men det er viktig å ha ei plan når ein startar med mentorordninga, er dei båe einige om.

Lars Erik og Berit ved kalvebingen
Tekniske løysningar, førebuingar til kalving, kalvestell og mjølkekvalitet, fôring og hygieneteknikk, er blant det Lars Erik og Berit har diskutert gjennom året. (Foto: Torhild Svisdal Mjøen)

Mentorordninga har ikkje vore avgjerande for at Lars Erik har starte opp med mjølkeproduksjon, men effekten har heilt klart vore ein god motivasjon, og også ein pluss i kroner og øre. Gode val er god økonomi. Vegen til oppstart har vorte lettare, og det har vore enklare å lande vala ein skulle ta. Det er bra med ein sparringspartnar – også for å lufte frustrasjonar. Det er alltid nye spørsmål som dukkar opp. Berit seier at ho som mentor blir utfordra på ting, og det er flott.

Nyttige fagmøte

Fagmøta arrangert i mentorordninga er Lars Erik er veldig nøgd med. Der er fagmøter, eit eller fleire for dei ulike produksjonane som er representert i ordninga. Han hadde forberedt seg godt, med spørsmål om tema, og fekk mange gode innspel frå alle mentorane som var med i møta. Her skulle fleire av dei nye bøndene vore med, meiner han.

Berit og Lars Erik startar no på ein fagleg diskusjon om kalv og bestemmer seg for å gjennomføre haldvurdering av mjølkekyrne, drar på seg kjeledressar og forsvinn inn i fjøset. Da takker skribenten for praten og ønsker lykke til videre med jobben og samarbeidet.

Mentorordninga i landbruket