– Du kan seie at eg er spesielt lite interessert i presisjonslandbruk, fastslår Marius Alsaker

– Maskiner må virke

– Eg er lite interessert i maskiner, i det heile tatt. Tekniske ting må virke, det er kravet. Elles er det ikkje så nøye. Eg treng ikkje mange knappar å trykke på. Det er fjøsen som er interessa mi. Og grovfôret, seier Marius.

Sånne utsegner er kanskje demotiverande for ein teknikkrådgivar, men Jogeir Agjeld i NLR ser positivt på det.

– Det er jo ikkje teknikken som er målet. Det er kva utstyret vårt kan hjelpe oss med. Poenget med presisjonslandbruk er ikkje fleire skjermar og knappar, men betre avling og betre resultat når rekneskapen er gjort opp. Slik sett er Marius absolutt på rett spor, meiner han.

Tre foran traktoren
PÅ RETT SPOR: Anders og Marius Alsaker har fått tips og starthjelp av Jogeir Agjeld i NLR. Med teknologi som dei alle tre meiner at bønder flest kan ha stor nytte av.

Gard og drift

Marius og kona Hege overtok garden Monsgarden like aust for Nordfjordeid i 2023. Dei er den eine av to aktive partar i ei samdrift med 500 tonn mjølk pluss kjøtproduksjon, attåt at dei har nokre sauer sjølve. Samdrifta haustar kring 600 dekar eng, der det meste av jorda er flate og høvesvis store teigar.

Faren til Marius, Anders, er stadig aktivt med i drifta. Graset blir hausta i rundballar, der Marius køyrer pressa, Hege køyrer riva og han andre i samdrifta køyrer slåmaskina. Husdyrgjødsla blir køyrd ut med 11-kubikks tankvogn, men den blir snart pensjonert til fordel for eit slangespreiingsanlegg.

Dette har skjedd

Det var kunstgjødselkøyringa som motiverte Marius til å tenke på sporfølgjar.

– Før gjorde vi som så mange andre: Vi venta til graset var høgt nok før vi gjødsla, så vi såg køyrespora våre. Og vi køyrde på godt augemål. Dermed vart det ikkje mange vekene frå vårgjødsling til førsteslått, og presisjonen var ikkje all verda. Og etter førsteslåtten måtte vi sitte heime og vente til graset var høgt nok, mimrar Marius.

– Køyrde vi ut for tidleg, kunne vi jo tulle oss heilt vekk, flirer Anders.

Sånn går det jo ikkje an å halde på, innsåg dei. Men så var det denne manglande interessa for teknologi, då. Løysinga: Marius ringde til Jogeir Agjeld, som arbeider med presisjonslandbruk i NLR. Jogeir var samd i at sporfølgjar var ein skikkeleg god ide, han sa at det går heilt fint å kjøpe brukt, han nemnde nokre døme på aktuelle system, og han sa at dette kan NLR hjelpe med å få til å fungere.

Marius la då ut ei melding på eit forum på Facebook der han spurde etter ein brukt sporfølgjar. Ein bonde som nyss hadde kjøpt ny traktor med integrert system responderte og selde sin pent brukte sporfølgjar.

– Så monterte vi den og ringte Jogeir att. Han kom i vår, hjelpte oss å oppdatere til nyaste versjon av programvare, og viste oss korleis vi kom i gang, fortel Marius.

– Eg meiner å minnast utbrot av entusiasme når fargelegginga kom på under prøvekøyringa, skyt Jogeir inn.

Jogeir i traktoren
TA STEGET: – Det å gå frå ingenting til noko er det viktigaste steget, seier Jogeir Agjeld i NLR til Anders Alsaker.
Klistremerke Presisjons guide kopi 2

Trygt og fornuftig

Om teknikk generelt er litt på sida av Marius si kjerneinteresse, er sånne ting med elektronikk enda lengre unna komfortsona. Difor følte han det var trygt å ha nokon å spørje, same kor enkelt system han valde. Nokon som kunne takle såkalla dumme spørsmål.

– Det er viktig for oss i NLR å kunne vere der for alle. Uansett nivå. No er også dei som leverer slikt utstyr ganske flinke til å følge opp, og dei har gode supportsystem. Vi skal ikkje ta jobben frå dei. Målet vårt er at bonden skal få hjelp, og viss bonden opplever det trygt å spørje oss, er vi klare til å hjelpe, seier Jogeir.

Sjølv om far og son Alsaker har hoppa litt bukk over den leksjonen Jogeir gav dei om A-B-linjer, og berre køyrer fargelegging, ser dei at systemet opnar for stadig nye mogelegheiter.

– Berre ein sånn ting som at vi sluttar å fargelegge der gjødselspreiaren går tom, så kan vi kome attende akkurat dit og halde fram, det gjer jo ting veldig mykje enklare. Det er blitt mykje trivelegare å gjødsle no, skryter Anders.

– For ikkje å snakke om at agronomien, ivrar Marius:

– No kan vi køyre så snart det er køyrbart på våren, fleire veker tidlegare enn før. Det er jo ingen tvil om at det er betre for plantane. Og vi kan gjødsle så snart ballane er sanka av teigen etter slåtten. No er vi ferdige både med kunstgjødsel og husdyrgjødsel lenge før vi var tenkt på å køyre ut tidlegare.

At sporfølgjaren er superlett å flytte mellom traktorane er ein anna fordel. Bruket har tre eigne traktorar: Ein ny 170-hestar til bruk der det trengst musklar, ein ganske ny 100-hestar som blir brukt til det aller meste, og ein 90-tals 50-hestar som blir brukt til meir enn ein skulle tru. Til dømes torotors samlerive, såmaskin og litt av kvart elles. Sporfølgjaren har til no stått på den mellomste bukken bruse, men det er fort gjort aktuelt å også bruke den på minstetraktoren. Jogeir tilrår å vurdere A-B-linjer for rakinga, særleg på dei største teigane. Det kan gi smidigare vendingar, når du slepp å køyre spor-i-spor. Og du kan optimalisere køyremønsteret på kvar enkelt teig.

– Vi har nok litt å gå på, konstaterer Marius, og refererer til ein onkel som driv ein annan gard lenger inne i fjorden.

– Eg har inntrykk av at han brukar sporfølgjaren «til alt»!

Kule pa taket
TAKET PÅ DET: Marius Alsaker har tatt poenget med posisjonskula.

Jogeir poengterer at NLR har vore ute på fleire liknande oppdrag – der fellesnemnaren er å hjelpe bonden til å få presisjonsutstyr til å fungere.

– Berre nokre mil unna har vi hjelpt eit par bønder med splitter nye traktorar med å bli kjent med integrert autostyring, og kople saman traktoren sine system med digitalt styrt gjødselspreiar. Vi har også god dialog med maskinleverandørane. Det viktigaste for oss er at bonden får den hjelpa den enkelte treng, tilpassa sitt nivå og sine ønske. Og vi pratar ikkje berre om teknikken. For oss i NLR er tankar kring køyremønster like viktig. Vi tek ein prat om kunstgjødselspreiaren og innstillingane der i same slengen, og snakkar gjerne om dekktrykk når vi først er i gang. Vi skal lette kvardagen til folk og løfte agronomien, og vi skal vere lett tilgjengelege, framhevar Jogeir.

Marius og Anders meiner iallfall at sporfølgjarinvesteringa, og tilhøyrande rådgjeving er veldig fornuftig pengebruk:

– Til og med for oss som ikkje er så teknologiinteresserte: Den er jo prisgunstig. Du treng ikkje store drifta før denne betaler seg. Det er fort gjort å tulle bort mykje meir pengar på mykje mindre viktige ting.