– Dei som var raskt ute med førsteslåtten under godvêrsperioden sitt potensielt på veldig godt grovfôr, seier Ragnhild Sjurgard, økonomi- og grovfôrrådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving (NLR) SA.

Og det kan komme godt med, no som det er åpna for frislipp på mjølkekvoter ut året. Sjølv om Sjurgard påpekar at ein ikkje berre kan åpne kranane og la mjølke strøyme på, vonar ho at fleire grip sjansen som auka produksjon gir.

Profilbilde
Ragnhild Sjurgard, rådgjevar i NLR

– Ein kan la dyr som skal slaktas vere med i produksjonen litt lenger, sinperioda kan for nokre kortast ned og ein kan og rekne på om det er lønsamt å kjøpe inn dyr om ein har plass i fjøset, seier rådgjevaren.

– Her er det mange faktorar som spelar inn, og ein må gjere konkrete berekningar for det einskilde gardsbruk, supplerer Sjurgard.

IMG 2599
Godt grovfôr gjer grunnlag for auka mjølkeproduksjon. Foto: Morten Livenengen

Fleire kvalitetar

Basis for auka mjølkeproduksjon ligg i grovfôret. Ein må ha rett mengde og kvalitet.

– Sjølv om du ikkje fekk hausta tidleg på førsteslåtten denne gang, må ein ikkje tenke at alt von er ute. Du må hugse at vi både skal ha vomfyll og struktur. Om førsteslåtten blir tatt seint, kan du innstille deg på ein tidleg andreslått - og gå for kvalitetsgrovfôr her, seier Sjurgard.

Dyrt med kraftfôr?

– For dei som ikkje har tilstrekkeleg med godt grovfôr, vil det vere for dyrt å auke mjølkeproduksjonen basert på ein større andel kraftfôr?

– Er kraftfôret noko dyrare enn grovfôret då? svarar rådgjevaren.

Ragnhild Sjurgard har rekna på kostnadane ved å produsere grovfôr for ein rekke mjølkeprodusentar.

– Generelt kan ein seie at dyrt hausteutstyr og gir dyrt grovfôr. Difor kan ein ikkje seie at det ikkje er lønsamt å auka mjølkeproduksjonen med meir kraftfôr i rasjonen til kua, seier ho.

Sjurgard oppmoar dei som ikkje veit eigen grovfôrkostnad om å gjere ei berekning.

– Å setje tal på kostnadane synar kor du har forbetringspotensial og kva for rammar du eventuelt kan gjere investeringar for å produsere eit betre grovfôr. Det kan også seie ein del om kor lønsamt det er å auke produksjonen på kraftfôr, seier rådgjevaren.

210 A0763
Ein kan rekne på om auka mjølkeproduksjon på kraftfôr kan vere rekningssvarande. Foto: Morten Livenengen