Det er varsla ekstremvêr i fylka Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland det komande døgnet. Frå meteorologisk hald er det sagt at det kan bli på nivå med Nyttårsorkanen i 1992. Denne medførte svært mange og omfattande skader på bygningar i landbruket. Både fjøsbygg og reiskapshus vart råka i svært stort omfang Det er derfor viktig å ta sine førehandsreglar så langt det er mogeleg.
I tillegg til dei råd og åtvaringar som allereie er sendt ut, vil vi for landbruket oppmode om følgjande: Sørg for at portar, dører og vindauge er godt stengt. Både på vindsida og lesida. Der det er store portar, og du ikkje kjenner deg trygg på innfesting og låsemekanisme, er det fornuftig å sørge for ekstra sikring i den grad det er mogeleg. Like eins sikre lause gjenstandar.
Straumaggregat og diesel
Både i 1992 og ved «Dagmar» i 2012 førte uveret til svært langvarige straumutkoplingar fleire stadar. Sørg derfor for at eventuelle straumaggregat er tilgjengelege og enkelt kan settast i drift. Sørg for at det er nok drivstoff, anten det no er traktordrive eller har eigen motor. Prøvekøyr det gjerne på førehand for å sjekke at det verkar.
Ver open for å tilby lån av aggregat til yrkesbrør som treng dette, om du sjølv ikkje er råka av straumstans. Hjelp også til på andre måtar dersom det skulle bli naudsynt.
Ver forsiktig under uveret. Unngå fare for liv og helse for alle på garden.