Eva Marie Uthus var busett i Arendal, og hadde odel til småbruk i Selbu i Trøndelag. Bruket var ikkje så stort, så Eva Marie var i tenkeboksen om kva det var aktuelt å satse på på bruket ho skulle overta. Det låg ikkje til rette for stor drift med til dømes husdyrproduksjon med så avgrensa areal.

Ho fatta interesse for birøkt og meldte seg på grunnkurs i birøkt i Grimstad, i regi av Sand birøktarlag. Vivian Stølen var kursleiar. Saman med mannen har ho drive med birøkt i lang tid. Som pensjonist har ho god tid til å ta med folk i bigarden.

Eva Marie viste stor interesse for birøkt så Vivian foreslo at dei skulle søke om å bli med i Mentorordninga i landbruket.

Eva Marie Uthus kv
Eva Marie Uthus (Foto: privat)

La ein plan for året

Eva Marie og Vivian søkte og blei med i med i mentorordninga i 2024. Tidleg på året la dei ein plan for kva dei skulle ha som tema gjennom året. Eva Marie skreiv ned kva ho hadde bruk for hjelp til.

Vivian supplerte med kva ho meinte var viktig. Tema varierte frå fôring av biene, korleis hauste honning og honningbehandling, til kva eit godt slyngerom er.

Sidan Vivian og Eva Marie budde berre 2-3 mil frå kvarandre før Eva Marie flytta, var det enkelt å få til fysiske treff. Det vart mange treff i løpet av vår, sommar og tidleg haust i 2024. Mange telefonsamtalar vart det og i løpet av året. Dei fysiske treffa fungerte best.

- Det er ikkje så lett å stå med mobilen nedi kuba seier Vivian.

Vivian Stolen kv
Vivian Stølen (Foto: Privat)

Lettare og tryggare start

For Eva Marie har mentorordninga med Vivian sitt bidrag som mentor, medført at det var lettare å starte opp.

- Du føler deg tryggare når du har ein mentor, seier ho. Eva Marie har no seks kuber som var med på flyttelasset til Trøndelag i haust. Ho har god hjelp av mannen i heimen når det er tunge løft som for eksempel skattekasser som skal løftast, men Vivian har vore den viktigaste «hjelparen» på kunnskapssida.

Det er litt usikkert kor stor drift det vert på garden i Selbu, kanskje 25 kuber er realistisk? På sikt kan dronningavl og være aktuelt å satse på, men først må ting falle på plass etter flytting.

Veldig godt nøgd

- Kan eg få Vivian som mentor ein gong til dersom eg vil satse på dronningavl? spør ho og seier på den måten at ho er veldig godt nøgd med Vivian som mentor.

Det har blitt ein ny kvardag for Eva Marie etter flytting og ny jobb, men at biene vil være ein del av drifta på garden i åra som kjem er sikkert.

Er du interessert i å få mentor eller være mentor, finn du meir info på nlr.no/mentor

Søknadsfrist for 2025 er allereie 1. desember.

Kurs i birokt Foto Knut Sigurd Hauga
Eva Marie Uthus fatta stor interesse for birøkt og deltok på grunnkurs i birøkt i Grimstad, der Vivian Stølen var kursleiar. Vivian foreslo at dei skulle søke om å bli med i Mentorordninga i landbruket. (Foto: Knut Sigurd Haugå)