Det er den korte oppsummeringa av to høyringssvar som Norsk Landbruksrådgiving og Norges Bondelag nyleg har sendt inn til Statens Vegvesen.
Vegvesenet har hatt to saker til høyring som gjeld traktor. Norsk Landbruksrådgiving og Norges Bondelag har dei seinare åra samarbeidd tett i slike høyringssaker, og sendt felles svar.
Solid foranking i landbruket
Bondelaget har ei solid forankring som interesseorganisasjon, der dei får innspel frå sin medlemsorganisasjon, og ser forslaga opp mot politiske føringar. NLR har tung fagleg kompetanse også på trafikkfeltet. Samla gir dette ei god breidde i svara som blir sendt inn.
Frå Norges Bondelag er det Amund Johnsrud som handterer denne typen saker. I Norsk Landbruksrådgiving er det Jogeir M. Agjeld som gjer jobben. I begge organisasjonane er der også fleire andre som gir gode og viktige bidrag, både tillitsvalde og tilsette.
Omfattande og viktig arbeid frå Bondelaget og NLR
Desse to høyringane viser kor viktig det er at landbruket held seg med folk som både kan ta tak i det faglege og kringliggande problemstillingar på ein skikkeleg måte. Det kan vere vanskeleg å sjå direkte konsekvensar av kor kontingentpengane blir av, men dette er altså eit døme på kva litt av medlemspengane til dei to organisasjonane kan bli brukt til. Erfaring tilseier at det stadig vil dukke opp saker som dette, eller andre viktige tema innan helt andre fagområde, der nokon må ta grep på vegne av fellesskapet.
Samarbeid gir styrke
For NLR er det naturleg å samarbeide med andre aktørar i landbruket som viser engasjement for sakene når slikt som dette dukkar opp. Den typiske arbeidsdelinga i slikt samarbeid er at Bondelaget har den politiske vinklinga. NLR har god innsikt i det faglege. Nokre gongar samarbeider vi med andre, til dømes Traktor- og Landbruksmaskinimportørenes Forening (TLIF). Dei kjenner marknaden og produkta. I sum blir det ganske bra.
Begge høyringane hadde svarfrist tidleg i juni 2021. Det kan ventast at Statens Vegvesen tek ei avgjerd utpå hausten. Uansett utfall vil det difor neppe vere merkbare konsekvensar for deg før enn tidlegast ein gong på seinhausten eller nærare årsskiftet.