Trygt og lærerikt å ha en erfaren mentor på laget

ØSTFOLD: Da Årets unge bonde Jens Ludvig Sørli (23) mistet faren og overtok drifta av familiegården i Skjeberg i januar 2025, var det gull verdt at farens fetter Erik Sørli stilte opp som mentor. Begge har glede og nytte av samarbeidet.

Les mer >

Jens Ludvig og Erik Sorli Foto Stine Helland red

Ranheim gård får mentorhjelp over sundet

NORDLAND: I desember 2020 flytta Hanne (30) og Henning Ranheim (33) til Aldersundet. Siden da har de deltatt aktivt i gårdsdrifta med sau, og i fjor sommer tok de over Ranheim gård. Gjennom Mentorordninga i landbruket har de fått verdifull støtte og konkrete råd fra den erfarne sauebonden Odd Even Pedersen.

Les mer >

Henning og Hanne Ranheim Foto Sunniva Lowo kv

- Mentorordninga har hjulpet meg mye!

VESTFOLD: Det er få som begynner som mentor og ender som elev, men det har Astrid Bjørnson gjort!

- Det finnes alltid noe man kan hjelpe med, og nye ting som man kan lære av andre, sier hun.

Les mer >

Astrid Bjornson i eplehagen Foto Juni Solstad Karlsen

Etter eit treårig, vellukka prøveprosjekt i Trøndelag, Vestland, Agder og Innlandet, vart Mentorordninga i landbruket landsdekkande i 2020.

Kvart år får tett på 150 ferske bønder sin eigen mentor i eit heilt år.

Søknadsfrist for å delta påfølgende år er 1. desember.

Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har ansvar for ordninga i samarbeid med Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Innovasjon Norge. Det blir gjeve økonomisk støtte over jordbruksavtalen.

Tilbodet er gratis for ny bonde. Mentor får godtgjering.

Ny bonde og mentor inngår ein formell avtale om kommunikasjon og møter gjennom eitt år.

Alle deltakarer vert tilknytta ein regionkontakt i NLR. Ved start får dei opplæring i kva opplegget går ut på og kva det vil seie å vere/ha mentor. Opplæringa skjer regionvis, der mentorar, nye bønder og regionkontaktar i NLR møtes.

– Mentorordninga har fungert veldig godt. Mange har nytta seg av tilbodet og hatt stort utbytte av å delta. Dette er eit gjennomarbeida opplegg med opplæring av mentorar, samlingar og oppfølging gjennom året, seier Mette Feten som er ansvarleg for ordninga i NLR.

Ho meiner det er eit godt tilbod til alle som er nye i landbruket, og oppmodar alle ferske bønder til å søkje.

– Du får gode, praktiske råd frå ein erfaren bonde. Av og til kan det vere vanskeleg å spørje ein nabo eller kollega om råd igjen og igjen. Då er det lettare med fast mentor som får godtgjersle, seier Mette Feten.

Mette Feten
– Eg vil sterkt oppmoda alle som er nye i landbruket, eller starter nye næringar på garden, om å søkje Mentorordninga i landbruket, seier Mette Feten som er ansvarleg for ordninga i NLR.

Mette Feten oppmodar erfarne bønder til å melde seg som mentorar.

– Vi treng fleire dyktige bønder som kan dele av sin kompetanse, seier Feten.

Trur du dette kan være noko for deg, er søknadsfristen for Mentorordninga i landbruket 1. desember for påfølgjande år.

Mentor collage