Bli enda betre kjent med Lars Gunnar!
Lars Gunnar kjem frå gard med mjølkeku, gris og korn i Sunndal på Nordmøre. Med både Bachelor i agronomi frå Høgskolen i Innlandet, Blæstad, og fagbrev som anleggsmaskinmekaniker, har Lars Gunnar mykje relevant kunnskap og erfaring som kjem bøndene til gode i hans rådgjeving.
Kva hjelper du flest bønder med?
Det må vere gjødslingsplan. På maskinteknikkfronten går det mest i å hjelpe gardbrukarar i gang med nytt utstyr.
Kva ønsker du at fleire skal etterspørje?
Det hadde vore tøft å få fleire interessentar på bruk av drone og satellittverkty i grovfôrproduksjon.
Kva er ditt favorittrådgjevingsaugeblink?
Det eg likar best med å vere rådgjevar er å møte bønder og høyre om deira erfaringar. Det er og kjekt når eg kan bidra med kunnskap som gardbrukarane får nytte av.