Det er viktig å få ut rett mengde plantevernmiddel også når du brukar ryggsprøyte. Det er ikkje alltid slik at jo sterkare dose, jo betre effekt. Systemiske plantevernmiddel som blir gitt i for stor dose, kan oppføre seg som eit kontaktmiddel. Dvs. det svir ned dei overjordiske plantedelene før dei får sjangs til å bli transportert ned i rota, - og også ta livet av den.
For å finne ut kor mange liter utblanda sprøytevæske i realiteten brukar, kan du gjennomføre denne testen.
- Mål opp ei prøverute på 2 x5 meter.
- Fyll ryggsprøyta med reint vatn, pump opp trykket og set handtaket i øvre posisjon. Etterfyll til ho renn over.
- Sprøyt prøveruta, som om det var ei einaste stor ugrasplante. Set handtaket i øvre posisjon.
- Etterfyll sprøyta med litermål. Noter mengda, t.d. 0,7 liter.
- Nå kan du finne ut kor mykje utblanda sprøytevæske du hadde brukt pr daa, ved å gange mengda i pk. 4 med 100 (t.d. 0,7 liter x 100 = 70 liter).
NB! I staden for å måle forbrukt vassmengde med litermål, kan du vege ryggsprøyta før og etter prøvesprøyting. Det krev ei nøyaktig vekt. 1 kg = 1 liter.
Tilblanding.
- Dosering (1) finn du på plantevernetiketten. T.d. 250 ml.
- Forbrukte mengde utblanda sprøytevæske finn du ut med metoden beskrive over (2).
- Vel så det skjemaet som passar tanken på di ryggsprøyte (3). T.d. 10 liter.
- Tøm oppi tanken den mengda plantevernmiddel som kryssingspunktet 4. viser. T.d. 36 ml.
NB! Hugs at 1,0 liter = 10,0 dl = 1000 ml.


