I tillegg er avvendte kalvar sluttproduktet frå denne driftsgreina – og dei fleste finn motivasjon i å skapa eit best mogleg resultat. Om tilveksten er på 900 eller 1300 gram er avgjerande både for økonomien i produksjonen din – og ikkje minst for dei samla utsleppa av klimagasser.
200 dagarsvekt som verktøy
Eit verktøy for å kunne måle tilveksten på kalvane, er å finne 200-dagars vekt. Bruk dette til å samanlikne med andre innanfor same rase, men ikkje minst for å finne din eigen utvikling. I årsstatistikken frå Storfekjøttkontrollen er det berre 6 % av dyra som har 200-dagars vekt, sjølv om rundt 75 % av besetningane i Norge er medlemmer i kontrollen. Her kan vera eit potensiale for fleire.
Noko ein kan påverka sjølv
Det er mykje snakk om klima og berekraft, inkludert diskusjonar om både metan-hemmarar og biogass. I seg sjølv viktige tiltak, men tiltak som i stor grad blir styrt av utvikling og rammevilkår utanfor gardane våre. Mange er heldigvis opptatt av det dei kan gjere noko med sjølv – og då er det å få til ein produksjon med høge avvenningsvekter ein nøkkel.
Kvifor? Jo fordi dyras utslepp er i stort avhengig av slaktealder – og til tidlegare dei er slaktemodne til lågare utslepp per kg kjøtt. Framfôringa er viktig, men ein klarer aldri å ta igjen tapt tilvekst første halvår.
Stort potensial
Gløttar vi på årsstatistikken frå Storfekjøttkontrollen finn me raskt ut at det ligg eit stor forbetringspotensiale på kalvetilvekst (sjå eksempel i tabell). Det er mellom 300 og 400 gram i skilnad i levendetilvekst mellom den dårlegaste og beste tredjedelen av produsentane. Som nemnt ser me tydleg desse forskjellane igjen på klimautsleppa per kg kjøt, men dette viser også igjen på det økonomiske resultatet.
Tabell 1: Levandetilvekst 0-200 dagar i gram per dag for Charolais og Aberdeen Angus
Rase | Inndeling | Hanndyr | Hodyr |
Charolais | Beste 1/3 | 1450 | 1270 |
Midtre 1/3 | 1230 | 1100 | |
Dårlegaste 1/3 | 1020 | 920 | |
Aberdeen Angus | Beste 1/3 | 1290 | 1140 |
Midtre 1/3 | 1110 | 980 | |
Dårlegaste 1/3 | 910 | 800 |
I eit eksempel frå praksis (sjå faktaboks) var forskjellen over 10 000 kr mellom to dyr på same sluttfôring, men tydleg ulik tilvekst i kalveperioden. Men tiltaka er sammensett, og alt frå avl, oppstalling, vinterfôring av mordyr, kalvingforhold og beitedrift vil påverka.

Betyning av lav avvenningsvekt
- Redusert pris dersom du selger kalv: Dersom kalven er 94 kg lettere kan det bety 5 154 kr mindre per kalv (Nortura).
- Lengre framfôringstid eller lavere slaktevekt: Dersom en okse veier mindre på kroken pga. dårlig tilvekst som kalv, kan dette bety mye mindre slakteoppgjør, færre slaktekilo på samme framfôringstid.
- For kvige er det viktig å oppnå 60 % av voksenvekt ved bedekningsalder: For lav vekt kan bety økt kalvingsalder eller kalvingsvansker ved fødsel.