
Unge høymoleplanter (1-2 år gamle) har minst opplagsnæring i rot på stadium ‘stor rosett’. Eldre planter har minst opplagsnæring i rot ved stengelstrekking (‘rotlausveka’). Det er dei øvste 5 cm av rota som har evne til å sette skot, så få med dei øvste 5 cm ved luking. Dersom du brenn plantene, er du sikker på at dei ikkje rekk å ettermodne frøa.
Her er eit utval høymoler 12. juni 2017
Video
Her kan du sjå ein kort video om høymole og korleis ein kan fjerne den i eng og beite.
Gamle høymoleplanter med stengel var lette å luke opp med heile rota, både med og utan høymolespett.
Unge høymoleplanter utan stengel var vanskelege å få opp med rot, men med høymolespett måtte rota gi seg også her.