Halm blir mest brukt som strø til hest, men det har også ein viss fôrverdi og vil ikkje minst bidra til å sysselsette hestane i ein situasjon der tildelinga av høy eller ensilasje må begrensast og dels erstattast med kraftfôr og/eller graspellets som dei bruker kort tid på å ete opp. For kornprodusentar i Trøndelag som har halm til overs, kan derfor hestenæringa være ei aktuell kundegruppe i tillegg til storfeprodusentar. Her er nokre råd både til selgar og kjøpar av halm som fôr til hest:
- Halm kan erstatte om lag 50% av gras/ensilasje/høy-rasjonen til hestar
- Havrehalm blir av mange sett på som eit betre hestefôr enn bygg- og kveitehalm, men i realiteten er det liten skilnad i fordøyelegheita mellom halm frå havre, bygg og kveite
- Det viktigaste er at halmen har god hygienisk kvalitet, utan mugg, gjærsopp og/eller forureining. Den skal lukte friskt og ikkje innehalde støv ettersom mange hestar har ømfintlege luftvegar.
- Luta, ammoniakkbehandla eller ureabehandla halm kan brukast som fôr også til hest, men all halm som er behandla på denne måten må luftast godt før bruk. Ammoniakkbehandling og luting aukar fordøyelegheita/næringsverdien til hest på same måte som til drøvtyggjarar.
- Tilsetting av EnsilHalm er uproblematisk
- Sjøl om halmen ofast er energifattig, er det ikkje alltid tilfelle og dessuten inneheld halmen ein del sukker. Til hestar som har låg toleranse for sukker er det derfor på same måte som for anna grovfôr viktig å analysere halmen og rekne med den i fôrplanane.
- NB! Standard analysepakkar for høy og ensilasje med NIRS-metoden kan ikkje nyttast til halm Eurofins tilbyr derimot ei analysepakke for bestemming av tørrstoff + sukker i halm, medan Ofotlab har ei "sukkerpakke" for grovfôr til hest som kan være aktuell. Alternativt kan ein rekvirere full "kjemisk analysepakke til drøvtygger" der ein også får med protein, fiber og fordøyelegheit av organisk stoff. Desse opplysningane kan ein sjølv bruke til å rekne seg fram til innhald av FEh og fordøyeleg råprotein. Om ein ikkje analyserer halmen, kan ein ei n bruke standardverdiar for halm i fôrplanleggingsprogrammet (t.d. PC-Horse). Da må ein følge ekstra nøye med på kor mykje hestene êt, at hesten ikkje får kolikk eller andre sjukdomsteikn.