Faktisk er det analysert ein del surfôrprøver med >800 g TS per kg, men i denne oversikten er desse prøvene ikkje med. Ettersom det blir mindre gjæring når det er lite vatn, ser ein også ein del høge pH-verdiar. Di høgare TS-innhaldet er, di høgare pH kan tolast utan at det går ut over kvaliteten. Dei som har fått analysesvar med > 60% TS bør ta ein ekstra kikk på analyseverdiane og vurdere om dei er fornuftige ut frå kjent slåttetidspunkt, botanisk samansetjing og slik ein hugsar enga ved hausting. Kalibreringsgrunnlaget for NIRS-analysane er svakare for prøver med ekstreme TS-verdiar enn for surfôr med normalt TS-innhald. Diskutér gjerne analysane med din lokale rådgivar, og ta kontakt med laboratoriet dersom de saman meiner noko være feil.

Ettersom fiberinnhaldet (NDF) faktisk er lågare enn i normalår (500 g mot normal gjennomsnitt 550 g kg TS), kan det verke rart at energiverdiane ikkje er høgare. Forklaringa er at ein stor del av NDF-fraksjonen er ufordøyeleg (19%, resultat ikkje vist). «Vinnaren» i kommunestatistikken så langt er Ørlandet med 6,21 MJ NEL (=0,88 FEm) per kg TS.

Statistikken skil ikkje mellom prøver tatt frå skifte med to- eller treslåttsystem. No i oktober, vil statistikken for Trøndelag under eitt være ei god blanding. Sjøl om to- og treslåttsystem kan bli praktisert side om side innom same kommune og på eitt og same bruk, gir likevel kommunestatistikken eit meir einsarta bilde. I Oppdal og Rennebu er truleg alle prøvene frå to-slåttsystem, medan det i kystkommunane og i bygdene rundt Trondheimsfjorden kan være overvekt av treslåttsystem. Her er ikkje statistikken for andreslåtten på kommunenivå teke med, men den kan du få hos din lokale rådgjevar. Ny tilstandsrapport her i Fagnytt kjem så snart vi får nye oppdateringar frå TINE. Da venter vi også å få med resultat frå tredjeslåtten.

Kvalitet av førsteslått (surfôr) i Trøndelag pr 12 oktober 2018 (i alt 647 prøver analysert)

TS, g/kg

Råprotein

g/kg TS

NDF

g/kg TS

Sukker

g/kg TS

pH

NEL20, MJ/ kg TS

AAT20

g/kg TS

PBV20

g/kg TS

Middel

336

150

507

59

4,5

5,98

79

29

Min

196

71

380

6

3,8

4,48

62

-48

Max

800

233

624

185

6,0

6,80

90

109

Kvalitet av andreslått surfôr i Trøndelag pr 12 oktober 2018 (i alt 326 prøver analysert)

TS, g/kg

Råprotein

g/kg TS

NDF

g/kg TS

Sukker

g/kg TS

pH

NEL20, MJ/ kg TS

AAT20

g/kg TS

PBV20

g/kg TS

Middel

355

150

500

53

4,5

5,80

78

31

Min

162

61

397

3

3,6

4,85

65

-46

Max

780

227

589

179

6,5

6,64

96

98

Kvalitet av førsteslått på kommunenivå.Middelverdiar. Resultata for kommunar med < 10 prøver er slått saman med andre kommunar der det er naturleg, eller dei er utelate.

TS, g/kg

Råprotein

g/kg TS

NDF

g/kg TS

Sukker

g/kg TS

NEL20

MJ/kg TS

AAT20

g/kg TS

PBV20

g/kg TS

Vikna, Nærøy, Leka (n=26)

343

138

502

55

5,76

77

21

Overhalla, Grong og Høylandet (n=15)

312

149

493

56

5,88

79

28

Namdalseid (n=27)

359

148

490

59

6,05

79

28

Steinkjer (n=32)

369

146

506

53

5,99

79

25

Inderøy (n=17)

337

146

490

59

6,05

78

27

Verdal (n=27)

309

154

504

35

5,70

77

36

Levanger (n=57)

357

147

514

46

6,00

79

27

Midtre Gauldal (n=44)

379

146

497

73

5,93

80

25

Meldal og Rennebu (n=21)

352

151

525

70

5,97

81

28

Selbu (n=24)

311

155

507

36

5,93

79

35

Stjørdal (n=15)

344

143

541

44

5,78

78

24

Orkdal (n=17)

350

162

507

76

6,12

82

36

Hemne (n=14)

327

169

485

63

6,18

81

45

Ørlandet (n=20)

286

159

500

57

6,21

80

37

Åfjord (n=47)

281

151

523

59

6,00

79

30

Osen (n=16)

294

166

502

65

6,18

80

42