Tyngda av dei snaut 70 deltakarane i år var lyngbrennarar. Kystlyngheia er ein trua naturtype som berre kan bli tatt vare på gjennom aktivt bruk som beite og regelmessig brenning. Åpent landskap rundt bebyggelse er òg eit godt brannforebyggande tiltak.
Jan Gaute Haug frå brannetaten i Øygarden kommune fortalde om initiativa dei har tatt for å få bønder til å brenna i utmarka. Etter Sotra-brannen blei det tydeleg for dei kor viktig kontrollert brenning og beiting er som eit brannforebyggande tiltak.
Siri Haugum Vatsø frå lyngheisenteret på Lygra fortalde kor viktig det opne landskapet er som klimatiltak. Kontrollerte brenningar i vinterhalvåret er med på å forebygga dei store ukontrollerte brannane som går ned i jordlaget. Forsking viser at ei velstelt lyngmark bind meir CO2 enn skog.