
Stad: Norsk Hjortesenter på Svanøy
Tid: Fredag, 23. mai, kl. 15.30- 19.30.
Ferja går kl. 14.30 frå Florø til Svanøy, og tilbake frå Svanøybukta til Florø kl. 20.30. Du treng ikkje å ta med bil, det blir ordna skyss på øya.
Middag, te, kaffe og kjeks er inkludert i prisen.
Lagrar du fast husdyrgjødsel, fôrrestar og anna komposterbart gardsavfall i dungar? Pressar du frukt, eller produserer du grønsaker, og har ein del avfall frå produksjonen? Bli med på eit spennande kurs ute i havgapet!
Dette kurset er for alle som ynskjer å lære å byggje opp ein gardsskala kompost frå botnen av!
Eksempel på kva som kan komposterast:
- husdyrgjødsel, inkl. hestemøk
- avfall frå grønsakproduksjonen
- avfall frå fruktpressinga (f.eks. eple)
- kvistar
- fôrrestar
- talle
- ull
- fiskeslam
...og mykje meir!
Målet for kurset: Vi skal legge opp ein kompost etter dei beste prinsippa med vanleg gardsreiskap, med mål om at deltakarane får grunnkunnskap til å kome godt i gang med dette på eigen gard. Vi vil også vise korleis komposten kan vendast, og diskutere moglege problemstillingar.
Kurshaldar er Nathaniel (Nat) Mead, pensjonert lektor og gardsmedarbeidar i over 30 år ved Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i Aurland. Nat har over 40 års praktisk og teoretisk erfaring med gardskala kompostering og arbeider framleis med rettleiing innan dette fagfeltet.
OBS! For å kunne delta på dette fysiske kompostkurset, må du ha vore med på eller sett på opptaket frå det digitale kompostkurset vi arrangerte i midten av mars. Ta kontakt med Lena Abel (lena.abel@nlr.no, +4746236855) dersom du har spørsmål.
Det er mogleg å overnatte på Svanøy. Du kan ta kontakt med Jon Anders Stavang (+4741403281) ang. overnatting på Hjortesenteret. Sjekk også https://svanoy.no/ for overnatting på Hovudgarden, eller Air BnB.
