Invitasjon til markdag: Bli kjend med (livet i) jorda!
Ynskjer du å lære meir om jord og jordorganismar?
Lurer du på korleis du kan teste jordhelsa di i frukthagen eller enga di?
Då inviterer vi deg til ein spennande markdag der du får:
- praktisk innføring i testing og vurdering av jordhelse
- fagleg påfyll om jordhelsetiltak
- moglegheit til å stille spørsmål og utveksle erfaringar
Jorda er full av liv – og dette livet spelar ei avgjerande rolle for helsa til plantene, økosystema og produksjonen vår.
Visste du at 1 gram jord kan innehalde:
- opptil 1 milliard bakterieceller,
- titusenvis av ulike mikrobielle grupper,
- heile 200 meter med sopphyfar,
- og eit mangfald av andre organismar?
Vi serverer kaffe, te og kjeks.
