Invitasjon til markdag: Bli kjend med (livet i) jorda!

Ynskjer du å lære meir om jord og jordorganismar?
Lurer du på korleis du kan teste jordhelsa di i frukthagen eller enga di?

Då inviterer vi deg til ein spennande markdag der du får:

  • praktisk innføring i testing og vurdering av jordhelse
  • fagleg påfyll om jordhelsetiltak
  • moglegheit til å stille spørsmål og utveksle erfaringar


Jorda er full av liv – og dette livet spelar ei avgjerande rolle for helsa til plantene, økosystema og produksjonen vår.

Visste du at 1 gram jord kan innehalde:

  • opptil 1 milliard bakterieceller,
  • titusenvis av ulike mikrobielle grupper,
  • heile 200 meter med sopphyfar,
  • og eit mangfald av andre organismar?


Vi serverer kaffe, te og kjeks.

Jord1 oversiktsbilde jord