04.- 06. april 2025, 5700 Vossevangen (meir informasjon kjem om litt)
- 04. april: kl. 17.00- 20.00
- 05. april: kl. 09.00- 16.00
- 06. april: kl. 09.00- 14.00
Har du høyrt om målretta beiting, målretta ressursplanlegging, målretta livsplanlegging og målretta økonomiplanlegging, veit ikkje heilt kva det betyr og har lyst til å lære meir?
Ynskjer du å få betre oversikt over gardsdrifta di, og er gira på ei endring?
Bli med på eit spennande 3-dagars introduksjonskurs innan heilskapleg gardsplanlegging (engelsk: "Holistic management"). Dette er samling 1 av totalt 3 samlingar à tre dagar. Samling 2 og 3 blir arrangert seinare. Kurshaldar er Tor Jørgen Haagensli.
Du får tid til å tenkje gjennom kvar du vil med drifta di (langsidige mål), får grunnleggande kjennskap innan regenerativt landbruk, og er med på å bygge eit nettverk av nyskjerrige gardbrukarar som er interessert i regenerativt landbruk.
- Dag 1: Grunnmuren for heilskapleg gardsplanlegging (rammeverket for heilskapleg drift og forvaltning av jord, dyr og ressursar)
- Dag 2: Gode val i ein kompleks gardskvardag (verktøykassa i møte med naturen, å ta avgjerd som tek omsyn til heilskapen)
- Dag 3: Introduksjon til planleggingsprosessane (målretta beiting, heilskapleg økonomi- og landskapsplanlegging)
Pris:
- 2500 kr (medlem)/ 3500 kr (ikkje medlem); 2000 kr for person nummer to frå garden
(rettleiande pris: 4200 kr). - Kurset blir delfinansiert med prosjektmidlar som disponerast av NLR, og med støtte fra Vestland fylkeskommune.
- OBS! Overnatting er ikkje inkludert.
Om kurshaldaren:
Tor Jørgen Haagensli er anerkjend kurshaldar innan heilskapleg gardsplanlegging (Savory Institute, "Accredited Professional", holistic management).
Saman med kona Gunn Skrede driv han Langeset Gardi Stryn kommune. Paret lukkast med heilskapleg gardsplanlegging og brukar beitedyra målretta i landskapsplanleggingsprosessen.
Du kan lese artikkelen "Tilbake til røtene" om Tor Jørgen og Gunn på side 35- 37 i NLR-Magasinet | Norsk Landbruksrådgiving.


Spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss!
