Lagrar du fast husdyrgjødsel, fôrrestar og anna komposterbart gardsavfall i dungar? Ynskjer du å lære meir om kompostering av fastgjødsel for å maksimere næringsutnyttinga og minimere utsleppa? Bli med på eit spennande nettkurs!

Kurshaldar: Nat Mead.
Vi set av ca. ein time til spørsmål og diskusjonar.

OBS! Dersom tidspunktet ikkje høver deg, kan du melde deg på kurset og vil få tilsendt opptaket av teoridelen i etterkant!


Vi går gjennom ulike aspekt ved produksjon av kvalitetskompost:

  • Utforming og organisering av kompostplass
  • Rett samansetjing av ingrediensar for å oppnå kvalitetskompost
  • Mekanisering og utstyr
  • Oppbygging av kompost
  • Komposteringsprosess og kontroll
  • Bruk av kompost.

Kurset har som mål å gi eit solid teoretisk grunnlag for produksjon av høgkvalitetskompost i gards- og marknadshageskala, med særleg vekt på nytteverdien for landbruket. Nøkkelord: frå avfall til ressurs, karbonbinding, oppbygging av humus og forbetring av jordsmonnet.
____________________________________________________________________________


Vi planlegg eit fysisk kompostkurs i siste halvdelen av mai (ved Norsk Hjortesenter på Svanøy; kurshaldar: Nat Mead), der deltakarane har høve til å byggje opp gardskala-kompost frå botnen av, ved bruk av fast husdyrgjødsel, fôrrestar og anna komposterbart gardsavfall som er samla over tid. Med vanleg gardsreiskap vert det lagt opp kompost etter dei beste prinsippa, med mål om at deltakarane får grunnkunnskap til å kome godt i gang med dette på eigen gard. Ein føresetnad for å delta på den praktiske delen av kurset er at ein har gjennomført denne teoridelen på førehand.

Kurshaldar er Nathaniel (Nat) Mead, pensjonert lektor og gardsmedarbeidar i over 30 år ved Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i Aurland. Nat har over 40 års praktisk og teoretisk erfaring med gardsskala kompostering og arbeider framleis med rettleiing innan dette fagfeltet.

Påmelding


Spørsmål? Ta gjerne kontakt med meg!
Lena Abel, lena.abel@nlr.no, +4746236855

20200831 161538