Det er ikkje reint få gravemaskiner og hjullastarar som går rundtom på vestlandsgardane. Ein gardsgravar er ei investering ein alltid har bruk for, og ein sjeldan angrar på. Men sjølv om det kanskje etter kvart står bra til med dei praktiske kunnskapane, er det kanskje meir å gå på på dei teoretiske? Anten du er rutinert eller relativt ny maskinførar er det ein fordel og ha det faglege grunnlaget før ein tek fatt på maskinarbeidet. Alle som skal køyre anleggsmaskiner i Noreg skal ha gjennomført eit godkjent maskinførarkurs og ha fått utlevert kompetansebevis for den aktuelle maskintypen. Maskinførarkurset skal gi deg som arbeider med anleggsmaskiner kunnskap om sikker bruk, vedlikehald og dagleg kontroll av maskinene, slik at ulukker og skadar på folk og maskiner kan unngåast. Gjennom kurset er det også fokus på blant anna lover og reglar, konstruksjon og verkemåte, samt typar og bruksområde. Maskinførarbeviset er eit yrkesbevis du har med deg resten av livet.

Kurset går over to helgar, ei helg med teori via Microsoft Teams, og ein praksisdag der ein vel den kursstaden som høver best. Kursplanen er slik:

Teorikurs på Teams:

  • Torsdag 27.03.2025 kl. 17.00-21.00
  • Fredag 28.03.2025 kl. 17.00-21.00
  • Laurdag 29.03.2025 kl. 09.00-17.00
  • Søndag 30.03.2025 kl. 09.00-17.00

Praksisdagar:

  • Praksisdag Sunnmøre 04.04.2025 kl. 12.00-18.00
  • Praksisdag Sunnfjord 05.04.2025 kl. 12.00-18.00
  • Praksisdag Midthordland 06.04.2025 kl. 12.00-18.00

Pris: kr 8 500,-/7 500,- (medlem i NLR)

Maskinforarkurs Sunnfjord Ved Mo