21.- 23. mars 2025, Langeset Gard, 6783 Stryn
(det blir arrangert eit tilsvarande kurs på Voss, 04.-06. april- meir info kjem snart!)
- 21. mars: kl. 17.00- 20.00
- 22. mars: kl. 09.00- 16.00
- 23. mars: kl. 09.00- 14.00
Har du høyrt om målretta beiting, målretta ressursplanlegging, målretta livsplanlegging og målretta økonomiplanlegging, veit ikkje heilt kva det betyr og har lyst til å lære meir?
Ynskjer du å få betre oversikt over gardsdrifta di, og er gira på ei endring?
Bli med på eit spennande 3-dagars introduksjonskurs innan heilskapleg gardsplanlegging (engelsk: "Holistic management"). Dette er samling 1 av totalt 3 samlingar à tre dagar. Samling 2 og 3 blir arrangert seinare. Kurshaldar er Tor Jørgen Haagensli.
Du får tid til å tenkje gjennom kvar du vil med drifta di (langsidige mål), får grunnleggande kjennskap innan regenerativt landbruk, og er med på å bygge eit nettverk av nyskjerrige gardbrukarar som er interessert i regenerativt landbruk.
- Dag 1: Grunnmuren for heilskapleg gardsplanlegging (rammeverket for heilskapleg drift og forvaltning av jord, dyr og ressursar)
- Dag 2: Gode val i ein kompleks gardskvardag (verktøykassa i møte med naturen, å ta avgjerd som tek omsyn til heilskapen)
- Dag 3: Introduksjon til planleggingsprosessane (målretta beiting, heilskapleg økonomi- og landskapsplanlegging)
Pris:
- 2500 kr (medlem)/ 3500 kr (ikkje medlem); 2000 kr for person nummer to frå garden
(rettleiande pris: 4200 kr). Inkl. pausemat, te/ kaffe alle dagane, og lunsj på laurdag. - Kurset blir delfinansiert med prosjektmidlar som disponerast av NLR, og med støtte fra Vestland fylkeskommune.
- OBS! Overnatting er ikkje inkludert. Du kan overnatte på Stryn Hotel, eller utforske f.eks. Airbnb.
Om kurshaldaren:
Tor Jørgen Haagensli er anerkjend kurshaldar innan heilskapleg gardsplanlegging (Savory Institute, "Accredited Professional", holistic management).
Saman med kona Gunn Skrede driv han Langeset Gard i Stryn kommune. Paret lukkast med heilskapleg gardsplanlegging og brukar beitedyra målretta i landskapsplanleggingsprosessen.
Du kan lese artikkelen "Tilbake til røtene" om Tor Jørgen og Gunn på side 35- 37 i NLR-Magasinet | Norsk Landbruksrådgiving.


Spørsmål? Ta gjerne kontakt med meg! (Lena Abel, +4746236855, lena.abel@nlr.no)!
