Velkommen til ein kveld der vi kan diskutere moglegheiter for utvikling av økologisk landbruk framover.
Stortinget har satt eit nytt mål om at 10 % av jordbruksarealet skal vere økologisk innan 2032. Korleis kan vi oppnå det? I Valdres har vi moglegheiter for å produsere kjøt og mjølk på utmarksbeite med lite innkjøpte innsatsfaktorer. Det er også aukande interesse for å produsere poteter og grønnsaker høgt over havet der det er lite sjukdomspress.
Program
Kristin Daugstad, NIBIO: Utmarksbeite og biologisk mangfold
Anders Nordrum, Datsja: Moglegheiter for dyrking av poteter og grønsakar i fjellet
Maria Bjune, Økologisk Innlandet: Korleis auke produksjon og omsetning av økologisk mat? Hovudpunkt frå forprosjekt om status, flaskehalser og moglegheiter for økologisk landbruk i Innlandet. Diskusjon med innspel til vidare arbeid.
Vi serverer kveldsmat med lokale og økologiske produkt.
Kvelden er open for alle interesserte, og er gratis. Av praktiske omsyn er det fint om du sender ei melding til innlandet@okologisknorge.no eller Magnhild.strand@nlr.no og seier ifrå om du kjem.
Arrangør: NLR og Økologisk Innlandet