Vi inviterer til autorisasjonskurs plantevern del 1, eit digitalt kurs på Teams for deg som skal fornye beviset, og første del for deg som tek kurset for første gang.

Kurset går over to kveldar, og du må delta begge kveldar for å få godkjent kurs.

Om du treng å kjøpe teoriboka, er her lenkjer til å bestille den:

Grunnbok/teoribok: Adlibris - norli - Ark bokhandel

Arbeidsbok (valfri): Adlibris - norli - Ark bokhandel

Det vert arrangert eksamen på lokale landbrukskontor for dei som berre skal fornye. Dei som skal ta eksamen for første gang må i tillegg ta ein praksisdag som blir avslutta med eksamen.

Pris: Medlem kr 2300,-/andre kr 3450,-

Lurer du på kva kurs du må ha? Her er ei kort oppsummering

Kurs for deg som skal ta autorisasjonsbevis for første gang:

  • Del 1 (Teori 6 timar)
  • Del 2 (Praksis 6 timar)
  • Eksamen (1 time)

Kurs for deg som skal fornye beviset:

  • Del 1 (Teori 6 t)
  • Eksamen (1 time)

Informasjon om kurset

Innhald i kurset

Lærebok/pensum til kurset

Plantevernmidler