«Auka korndyrking i Møre og Romsdal» er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Landbruksrådgiving, Møre og Romsdal Bondelag, Felleskjøpet, Røv Mølle og Møre og Romsdal fylkeskommune. Målet med prosjektet er å auke korndyrkinga i fylket gjennom å hjelpe nye dyrkarar i gang og heve kompetansen for alle korndyrkarane i fylket. I november arrangerer vi møte for nye korndyrkarar og bønder som vurderer å begynne med korn.
Møta er for alle som er nysgjerrige på korndyrking og vil lære litt om det heilt grunnleggande.
Program:
Tid: 19.30-21.30 (2t)
19.30-19.40: Vel møtt og orientering om kornprosjektet
19.40-20.00 Agronomi: Artar, sortar, gjødsling, plantevern og krav til jord og pH
20.00-20.20 Mekanisering til korndyrking
20.20-20.40 Kaffipause og enkel servering
20.40-21.00 Økonomi i korndyrkinga og tilskot
21.00-21.20 Kornmottak: Korleis levere korn og krav til kvalitet v /Røv Mølle eller Felleskjøpet
21.20-21.30 Spørsmål og avslutting
Påmelding og spørsmål:
Frode Grønmyr - telefon: 48068543, e-post: frode.gronmyr@nlr.no.
Påmelding seinast tre dagar før møtet.