Bli med på markdagen hjå Synnøve Vik Bergstad og Jann Vestby, som driv Gardsbrenneriet og Måneskinshagen på Sandane.
03. juli, kl. 13- ca. kl 17.

"Økologiske oppalsplantar til Måneskinshagen produserar vi sjølv på garden. Vi benyttar oss så langt som råd av norskproduserte frø av sortar som er godt utprøvd av oss i vestlandsklimaet på garden. Kulturarvsortane kjenner vi eit ansvar for å vere med å bevare, og vi ønskjer gjerne å gjere dei lettare tilgjengelege for dyrkeglade privatpersonar. Plantane som blir til overs i vår produksjon sel vi derfor i mai og juni lokalt på REKO, Bondens Marked Sandane og frå eit sesongåpent sjølvbetjent utsal på garden."

Les meir om Måneskinshagen her.

Vi får besøk av Hans Gaffke. Hans er rådgjevar for økologisk grønsakdyrking, og spesialområda hans er vekstskifte, næringsforsyning og småskalaproduksjon.

Program

  • Omsetning/ sal
  • Planteoppal
  • Næringsforsyning
  • Vekstskifte
  • Ugrasregulering
  • ...

Vi gler oss til mange spørsmål og gode diskusjonar!

Etter den "offisielle" grønsak-delen får vi ei omvisning på sjølve Gardsbrenneriet!

Arrangementet er gratis, det blir servert kaffi/ kjeks.

Vel møtt!

Img 2531
Foto: Gardsbrenneriet

Les meir om småskala grønsakproduksjon i Vestland her.