
Skal du – eller har du nyleg teke over ein landbrukseigendom – som du lurer på kva du skal bruke til?
Det blir halde eit kurs mynta nettopp for deg på
Seljord kommunehus, laurdag 11. februar kl 9.30 til 15.30
Adresse: Brøløsvegen 13, Seljord
Målet med kurset er å trygge den nye eigaren på val som må gjerast
-Ved å gi god informasjon og vise at aktiv drift er mogeleg dersom ein har vilje og lyst.
-Inspirere den nye eigaren
----------------
Me har finansiering over dei regionale rekrutterings- og kompetansemidla disponert av Vestfold og Telemark fylkeskommune. Seljord kommune held kurslokalet. Kurset er derfor gratis å delta på.
Det må vere minst 8 deltakarar på kurset for at vi kan halde det.
Meld deg på til: Arne Nøkland , arne.nokland@nlr.no m: 948 08 749
Påmeldingsfrist: onsdag 8. februar 2023
Vel møtt til kurs!