Gjødsel, gjødsling og gjødselprisar er eit heitt tema om dagen. Det nærmar seg med stormskritt overgjødsling etter slått. I den forbindelse ønskjer me i NLRØ saman med Felleskjøpet, Eikmaskin, og Akershus traktor/Ål traktor og maskin å gjennomføre fagmøte/markdag ute med fokus på å plassere rett mengde gjødsel på rett plass, jamnast råd.
Kantspreiefunksjon, Sporfølgjar, seksjonskontroll, AMS styring, ol til gjødselspreiarar vert demonstrert.
NLRØ bruker Yara spredebakker for å visuelt syne korleis spredebilde endrar seg med bruk av kantsprederfunksjon, rett kjøreavstand, ol
Felleskjøpet demonstrer Geospread frå Kverneland med sekjonskontroll, automastisk stenging og opning ved start/slutt ol.
Eikmaskin demonstrerer Rauch Axis med EMC: selvinnstillende, elektronisk massestrømmåling og -regulering separat av hver doseringssleide. VariSpread: Seksjonskontroll for variabel spredning i kileområder og CDA-spredeteknikk: manuell eller fjernbetjent koaksial innstilling av utløpspunk.
Akershus traktor demonstrerer Gjødelspreiar Sulky X40+ som er ein større gjødselspreiar med vegesystem, GPS for opning og lukking samt registrering av fart og mengde.
Tema: Gjødsel og gjødselspreiing
Tid: 30. juni kl 1100
Stad: Heradvegen 15, Gol (Gol Renseanlegg)
Enkel Servering.
Ingen påmelding.