Middel som skadar kløver:

MCPA er eit gamalt middel som no har fått namnet Agroxone. Agroxone har heller dårleg verknad på dei mest brysame ugrasa våre i eng. Det er godt mot engsyre, krypsoleie og løvetann. Høgste lovlege dose er i dag 240 ml pr. dekar. I dag er Agroxone mest aktuelt til blanding med Express, Harmony Plus eller Gratil til sprøyting mot frøugras i attlegg, og til blanding med glyfosat mot t.d. krypsoleie ved brakking. Agroxone har behandlingsfrist på 14 dagar.

Mekoprop har hatt fleire handelsnamn opp gjennom åra. Eit gamalt middel som framleis er godkjent. Høgste dosering er i dag 200 ml pr. dekar. Denne doseringa reknar vi for å vere for låg til å gje god nok verknad på høymole. Andre middel er betre. Behandlingsfrist 14 dagar.

Tomahawk 200 EC og Flurostar 200 er to like middel med ulike namn. Sjølv om midla har likt innhald, så har dei litt ulike krav til bruk. Dei er kanskje dei mest tilrådde midla mot høymole i eng utan kløver i dag. Midla har brei verknad, og er gode også mot løvetann, syre, nesle og vassarve. Flurostar har siste behandlingstidspunkt 31.07, medan Tomahawk kan brukast ut august månad. Seinare på hausten må ein bruke andre middel. Flurostar krev minst 10 m avstand til vatn, Tomahawk 3 m. Behandlingsfrist 7 dagar for begge.

20190611 134716
Hundekjeks spreier seg ofte frå kantar og inn i enga. Dersom slike kantar ikkje blir slått, så er det berre om våren, på eit tidleg utviklingsstadium, det er aktuelt med sprøyting.

Starane XL og Cleave er to namn på same kjemiske middel. Godt eigna mot både høymole og løvetann i eng utan kløver. Desse kan brukast i heile vekstsesongen, også utover hausten. Avstand til vatn må vere minst 5 m. Behandlingsfrist 7 dagar.

Duplosan Super er eit preparat med 3 kjemiske stoff, og er kanskje det middelet med breiast verknad. Dette også vil skade kløver. Middelet er godt både mot høymole, engsoleie, krypsoleie, syre, løvetann, vassarve, nesle, dikesvineblom, landøyda, tistel mfl. Duplosan Super er kanskje det beste middelet også mot dei litt vanskelege ugrasa engkarse og hundekjeks (?). Duplosan Super har sine meir negative sider når vi kjem til pris og behandlingsfrist. Behandlingsfrist på 21 dagar kan vere problem i beite.

Banvel er det dyraste kjemiske middelet vi brukar i eng. Det er svært godt mot høymole, men vil ikkje vere aktuelt til breisprøyting over større areal. Banvel kan gjerne brukast til punktsprøyting, kanskje spesielt mot byhøymole. Behandlingsfristen er også her på 21 dagar.

Hoymole
Høymole er kanskje det ugraset som er mest utbreidd, og som vi har mest fokus på når det gjeld bekjemping. Vi har mange gode middel, men kampen mot høymola varer evig…..
Gjetartaske i 1 ars eng
Gjetartaske etter haustattlegg året før. Det gjeld å vere merksam på behovet for bekjemping av både vassarve og gjetartaske som har stått vintergrøne og blømer om våren.

Til eng med kløver:

Gratil + klebemiddel er førstevalet mot høymole i eng med kløver. Gratil er eit lågdosemiddel som verkar seinare enn dei andre midla som er nemnde, og er hakket dårlegare enn andre middel mot høymola.

Sluttord

Det kan vere aktuelt å blande nokre av desse eller andre middel for å få breiare verknad i spesielle situasjonar. Vi kan og kome bort i andre ugrasartar enn dei som er nemnde her. I fjorårets haustgjenlegg kan vi no i vår sjå dei vintereittårige frøugrasa vassarve og gjetartaske i bløming. Etter manglande plantevern etter såing fjor haust kan desse ugrasa ha stått vintergrøne og er klare til å bløme og setje frø i vår. Ei sprøyting no i vår kan vere aktuell, med ulike kjemiske alternativ. Plantevern i beite er nærmast eit eige tema. Rådgjevarane i NLR SA vil gje deg spesifikke råd i slike situasjonar, så det er berre å ta kontakt!

Landoyda ein
Landøyda er ein fleirårig, giftig plante som er vanleg sør på Vestlandet.