Dronar kan forenkle og effektivisere arbeidsoppgåver i landbruket, spesielt på bratt areal. Dei kan også vere eit nyttig verktøy for meir presisjon i drifta. Norsk landbruksrågiving skal gjennom prosjektet «Beste praksis for dronesprøyting i frukt» teste ut korleis vi skal bruke sprøytedronar for å få den beste avsetning av sprøytevæske på blada i fruktfelta, og samtidig minst mogleg avdrift. Prosjektet er finansiert av Grofondet. For testsprøytinga har Norsk Landbruksrådgiving, som fyrst i Noreg, kjøpt inn ein DJI AgrasT25 drone. Dronen kan lastast med 20 liter væske, og den er utstyrt med sentrifugaldyser og «Dual Atomization» system for sprøyting, som gjev moglegheit til å velje mellom ulik storleik på dropane som blir sprøyta ut. Storleiken på dropane er uniform, og sprøyteresultatet vert meir optimalt enn ved bruk av andre system og dyser. Systemet gjer det mogleg å bruke mindre plantevernmiddelvæske per dekar enn det som er vanleg for andre sprøyter.
Piloten kan fly dronen manuelt eller den flyr autonomt etter kartdata som piloten legg inn. Piloten avgjer også andre parametrar som væskemengde per dekar, flygehastigheit eller flygehøgde over bakken. Dronar er definert til å vere luftfartøy. Førebels har Mattilsynet ikkje godkjent plantevernmiddel for sprøyting med luftfartøy i Norge. Norsk Landbruksrådgiving trur godkjenningar eller dispensasjonar vil kome. Dronesprøyting vil gje mindre risiko for at operatøren vert eksponert for plantevernmiddel og sprøytinga vil vere meir presis, spesielt ved sprøyting i bratte fruktfelt, der fruktdyrkarane i dag sprøyter med rifle.
Det er mange løyve og mykje kompetanse som skal på plass for å kunne fly dronar. NLR har inngått avtale med Romvesen AS, slik at dei er ansvarleg operatør for våre flygingar. Dei har søkt luftfartstilsynet om løyve til å fly dronen over øvingsfelt og forsøksfelt, og dei har utarbeidd prosedyrar, rutinar og sjekklister for droneflyging i landbruket.
I midten av august var tre NLR rådgjevarar på kurs med Romvesen AS for praktisk opplæring i å fly dronar i spesifikk kategori. Haugland Mjølk og maskin frå Uskedalen i Kvinnherad og fruktdyrkar Magnar Velure frå Grimo i Ullensvang har også delteke på kurset. Brørne Stian og Tor Ove Haugland i Haugland Mjølk og maskin har kjøpt inn ein DJI Agras T50 drone. Dei ser fram til å kunne bruke dronen til å sprøyte ugras på beita. Dei har totalt 300 dekar beite, og på fleire av dei er det store utfordringar med bjørnebærkratt. Mange av beita er steinete, bratte og uframkomelege med traktor. Det er svært arbeidskrevjande og tungt å bruke ryggsprøyte for å bekjempe krattet med plantevernmiddel. Dei veit at det kan ta ei tid før plantevernmidla vert godkjente. Medan dei ventar på godkjenninga, vil dei nytte dronen til gjødsling og kalking av beita. DJI Agras T50 dronen kan ta ei nyttelast på 50 kilo, og vil effektivisere gjødslinga, som no vert gjort for hand. Mange bønder i nabolaget har vist stor interesse for gjødsling av beite med drone.