Familien Espe på Kjørnesøygarden i Sogndal er midt i lamminga no når mai månad nett er starta. Dei er strålande fornøgde med nyefjøsen som vart teken i bruk til lamminga i 2022. Det er nesten so at det er kamp om å få ta fjøsvakta.
2019: Byggje nytt eller slutte
Else og Steinar Espe har drive med sau og litt storfe attåt anna arbeid på gard 1/6 i Sogndal kommune. For fem år sidan var vi i NLR på besøk hjå dei for å hjelpe dei i gang med å planlegge ny fjøs. Då hadde dei ein gamal fjøs med plass til 20-30 sau og ein del storfe (oksar). Skulle det bli dyr på garden framover måtte det nybygg til. Sonen Sigbjørn og sambuar Heidi Kvamme budde også på garden og var veldig interesserte i at dyrehaldet skulle halde fram.
Planleggingsprosessen vart sett i gang, og i løpet av 2020 vart det bestemt at dei ville søkje Innovasjon Norge (IN) om støtte til ein ny sauefjøs med kapasitet til 90-100 sau. Vi i NLR fekk det kjekke oppdraget med å lage driftsplan, teikningar og kostnadskalkyle til prosjektet. Vi hadde mange gode diskusjonar, og familien brukte tid på å besøkje andre i nærområdet som hadde bygt sauefjøs. Tidleg på nyåret i 2021 fekk dei positiv tilbakemelding frå IN om støtte til fjøsen.
Arealgrunnlaget eige og leige var knappe 70 daa slåttemark, 25 daa innmarksbeite og 100 daa godt skogsbeite like ved fjøsen. Garden ligg sørvendt ca. 500 m.o.t., og areala er slett ikkje flate. Sjølv om det vert hausta med rundballepresse, er det truleg forhaustar og vossakasse som hadde vore det ideelle. Utmarksbeita grensar heilt ned til tunet, og denne ressursen gjer at sauehald er ei veldig naturleg driftsform.
Byggeprosessen
Fjøsen vart kostnadsrekna til 2,9 mill. kr. Dette vart planlagt finansiert med knappe 900 000 kr i tilskot frå IN, ein solid eigeninnsats på 500 000 kr og resten som lån. Byggerekneskapen viser at fjøsen kosta 3,3 mill. kr, og at eigeninnsatsen vart ein del høgare enn kalkulert.
Grunnarbeidet vart omfattande, sidan det blei behov for større masseutskifting enn tenkt. 700 m3 med jord vart fjerna og 92 lastebillass (ca. 600 m3) med ny masse vart køyrt til. Dei leigde lokale entreprenørar til betongarbeidet og til å sette opp bygget. Etter det vart det meste gjort av dei sjølve.
Heile familien deltok i byggjefasen, og Else har dokumentert med bilete heile prosessen frå gamlefjøsen vart riven til dei kunne flytte inn i nytt bygg.
Planløysing
Bygget er 12,5 m *18,8 m. Arealet med drenerande golv og gjødselkjellar for gylle er 12 m langt og fôrsentralen er 6,5 m lang. Dei valde ei tradisjonell planløysing med 2 langsgåande fôrbrett og fleksibel innreiing. Bingane på sidene er 2,4 m djupe og «storbingen» i midten er 4,2 m djup med eteplass på begge sider. Lang ytterveggane er det ein drivgang som kan nyttast til lammegøyme.
Bygget er isolert og fôrsentralen har større takhøgde og høg port. Smittesluse og vaktrom er plassert ved fôrsentralen. Dei har kjøpt ein pent brukt rundballekuttar, og grovfôret vert fordelt med hjulgrabb.
Golv
Steinar og familien valde å legge strekkmetall etter å ha vore på mange fjøsbesøk og diskutert temaet plast eller strekkmetall med mange yrkesbrør. Betre klauvslitasje var eitt av argumenta for strekkmetall. Både golv og H-bjelkar vart levert galvanisert frå Sogneprodukter i Vik. Dei angrar ikkje på valet.
Godt fornøgde
Familien er svært godt fornøgde med heile prosessen med å få opp ein ny fjøs. Eigeninnsatsen har vore stor, men med ein byggjeperiode på 2 år er dette mogeleg. Steinar er raus med skryt til alle som har vore delaktige i planlegging og gjennomføring. Han rosar også Innovasjon Norge for at dei fekk løyving til prosjektet og for god kommunikasjon undervegs. Utan støtta frå dei hadde dette prosjektet vorte tungt å realisere.
No i lamminga deler dei på vaktene i fjøsen. 46 sauer skal lamme, og pr. 2. mai er dei vel halvvegs. Med ny fjøs og god plass går lamminga fint. Planen er å auke opp buskapen litt etter litt. Steinar er også svært fornøgd med å kunne få ut husdyrgjødsla som gylle. Han smiler og seier at no er det mogeleg å køyre ut møka med kloggar og dress!
Sjå bileta under: