Bruken av droner til sprøyting har i mange år auka jamt og trutt i Asia og USA. I Europa ligg derimot utviklinga ein del etter sidan det i utgangspunktet er forbode å spreie plantevernmiddel frå luftfartøy. Sist regelverket vart revidert var droner endå ikkje eit stort tema, og sprøyting frå fly eller helikopter må gjerast frå så stor høgde og er såpass unøyaktig at det ikkje vart vurdert som ynskjeleg.
Likevel har det også vorte ein auke i bruk av sprøytedroner i Europa dei siste åra. Sveits er ikkje bunde av EU-reglane, og fekk i 2019 innført eit nasjonalt regelverk for godkjenning og bruk av sprøytedroner gjennom ein prosess der både landbruks- og luftfartsmyndigheiter vart tungt involverte. Innan EU er det opna for å gje dispensasjonar for bruk av sprøytedroner, og særleg i vinproduksjon i bratt terreng er det no mykje nytta. I Tyskland har Julius-Kühn-Institut (JKI) utarbeidd lister over godkjende sprøytedroner, og ein del plantevernmiddel er godkjende for spreiing med drone.
I vanskeleg terreng
Eit viktig argument for bruk av droner er vanskeleg køyrbart terreng, anten grunna topografien eller mykje væte. For at det skal kunna gjevast dispensasjonar må bruken av sprøytedrone gje mindre risiko for helse og miljø enn alternative metodar.
Særleg på Vestlandet er mange frukthagar bratte og vanskeleg tilgjengelege med traktor, og ein del av fruktarealet vert framleis sprøytt med rifle i staden for tåkesprøyte. Mykje areal som vert sprøytt med traktor er også forholdsvis bratt, og det er ofte utfordrande å få sprøytt til rett tid sidan det ikkje er trygt å køyra før bakkane har tørka godt opp. Dersom det kunne vera gjennomførbart å sprøyta med droner ville det både kunna sikra bruk av noko av det mest tungdrivne arealet, og auka tryggleiken for dyrkarane.
Prosjekt i NLR
NLR gjennomførte i 2023 eit forprosjekt for å sjå på mogelegheitene og eventuelt førebu ein søknad for eit hovudprosjekt. Som del av dette vart det gjennomført prøvesprøytingar utført av Biodrone AS med reint vatn i ei moderne fruktplanting (Registrering med væskefølsomt papir), og det vart arrangert ein fagdag med demonstrasjon av sprøytedrone (DJI T30).
Basert på forprosjektet søkte NLR eit hovudprosjekt på dronesprøyting i frukt, og gjekk dette året til innkjøp av ei DJI T25 sprøytedrone. Tre rådgjevarar har fått opplæring og vart hausten 2024 godkjende for å fly drona innanfor avgrensa område som Luftfartstilsynet har godkjent kan nyttast til opplæring og forsøk.
NLR er også involverte i eit anna prosjekt på ugrassprøyting av bratte beite med drone. Her vert det også søkt om løyve til å fly og sprøyta i 2025.
Kva må til for å få sprøyta med ei sprøytedrone?
Som tidlegare nemnt er det i utgangspunktet forbode å spreia plantevernmiddel frå luftfartøy, og dersom ein ynskjer å gjera dette må ein søkja dispensasjon frå Mattilsynet. Det kan berre gjevast dispensasjonar for forsking og utvikling, og i naudsituasjonar for plantehelsa.
I den pågåande prosjektet er første prioritet å prøva ut dekningsgrad og avdrift med vatn og fargestoff. Vidare vil NLR søkja dispensasjon for bruk av vanlege plantevernmiddel i epleproduksjonen, og i 2025 er det planlagt utprøvd å berre sprøyta med drone i ein del av forsøksfeltet.
Erfaringar så langt
Forsøkssprøytinga som vart gjennomført i forprosjektet hausten 2023 viste at det trengs ein del utprøving for å få god dekning nedover i bladmassen i trea, men basert på sprøyting med tre ulike væskemengder og to ulike dyser såg dekningsgraden lovande ut. Avdrifta skilde seg vesentleg frå sprøyting med traktormontert tåkesprøyte sidan sprøytetåke vert blesen rett nedover. Noko vert avsett i heilt nedste del av naborekkja, men høgare i trea fann me ingen avsetning i naborekkjene.
Dette året har utprøvinga kome litt seint i gang sidan det har teke tid både å få drona på plass og få gjennomført naudsynt opplæring. Første trinn har vore utprøving av funksjonane for autonom sprøyting i frukthage, og me ser at det her er fleire faktorar å ta tak i. Første trinn er å nytta kartleggingsfunksjonen til drona for å registrera data om feltet, og finna kvar rekkjene står.
Basert på dette kan ein leggja inn ei flyrute som drona vil følgja. I programvaren på fjernkontrollen legg ein inn startpunkt, radavstand og retning på passeringane slik at det høver med rekkjene. Høgde over kulturen, væskemengde per dekar og dropestorleik stiller ein også inn i programvaren. Drona er utstyrt med sentrifugaldyser, der ei roterande plate fordeler væska, og farten på denne styrer dropestorleiken.
Så langt ser me at kartleggingsfunksjonen har utfordringar med å finna små frukttre, og også i utvaksne plantingar må ein som regel gå inn og korrigera litt på «hol» i rekkjene der programvaren ikkje «ser» trea. Drona flyr fint etter ruta som er programmert, men det kan skje at skot i toppane på trea slår ut på kollisjonssensorane slik at drona stoppar, særleg når den flyr oppover langs rekkjene. Det er mogeleg ein må fly høgare over trea eller endra innstillingane for funksjonen. Om det er best å fly rett over rekkjene eller i køyregangane og satsa på at propellane bles sprøytetåka til sides inn i trea gjenstår å sjå.
Dekningsgrad og avdrift ved dronesprøyting skal også samanliknast med traktorbasert tåkesprøyte og riflesprøyting, så langt det er mogeleg i løpet av hausten 2024.
Prosjektet er framleis i ein tidleg fase, men dronesprøyting ser så langt svært lovande ut. Teknologien er imponerande, sjølv om me ser at det krev mykje tid å finna optimale innstillingar, og få tilpassa praksis til våre plantingar og landskap.