Vi vart kontakta av Bjarte Inge i byrjinga av februar i år, der han ynskjer at vi skal koordinere utbygginga av fjøsen.
Dei hadde då fått utarbeidd forprosjekt og driftsplan, og var begynt å få inn tilbod frå dei ulike faga.
Vi starta arbeidet med å gå i gjennom prosjektet og utarbeide framdriftsplan. Samstundes vart alle innkomne tilbod gått i gjennom og vurdert. Etter forhandlingar med dei ulike entreprenørane, vart kontraktane signerte og arbeidet kunne starte opp.
Fjøsen har eit areal på 935 m2 der 2.etasje utgjer 55 m2. Planlagt drift er med 34 årskyr og kvigeoppdrett.
Bygget består av plasstøypt betongkjellar med spalt over i dyrerommet, og plate på mark/ringmur i arealet for fôrsentral og birom.
Overbygget sin konstruksjon består av limtresøyler og dragarar, med massivtre som kledning. Ventilasjonen blir med justerbare gardiner på langsidene og kip i møne.
Betongarbeida vart starta opp 01.05.21 og overbygget starta opp i 31.08.21.
Me vil skrive fleire artiklar om denne utbygginga etterkvart som arbeida går framover.