Tidlig sprøyting høsthvete
Den som har høsthvete som er langt kommet og samtidig problem med tunrapp, kan vurdere å behandle med Hussar PLUS OD før kaldværsperioden som kommer i neste uke. Ved problem med andre grasarter i tillegg kan en bruke Attribut Twin (som er en blanding mellom Attribut SG og Hussar OD). Det er jodsulfuron, den aktive substansen i Hussar PLUS OD og Hussar OD, som virker på tunrapp.
Ved behandling med Hussar PLUS OD bør det være minimum 5 °C ifølge etiketten, helst over 8 °C. Best effekt oppnås ved temperaturer rundt 10 °C. Det bør ikke sprøytes dersom det er utsikter til nattefrost (3 dager før og 3 dager etter sprøyting). Viktig å sprøyt på formiddagen med stigende temperatur. Ved behandling med kun Hussar PLUS OD skal det alltid tilsettes Renol eller Mero.
Hussar PLUS OD dose – 12-14 ml/daa
En kan blande inn 4,8 ml DFF SC 500 for å få litt jordvirkende effekt som kan hjelpe på ny spiring av tunrapp og andre ugras. DFF SC 500 er jordvirkende. Blandingen av Hussar PLUS OD og DFF SC 500 blir lik den gamle Hussar Tandem.
Ved behandling med Attribut Twin er det viktig at åkeren er minimum i BBCH 12, to blad helt ute. På
etiketten står temperaturkrav på minimum 5 grader, erfaringsmessig bør temperaturen være minimum 8 °C for å få god effekt. Viktig å sprøyt på formiddagen med stigende temperatur. Unngå å sprøyt når det er minusgrader om natta, da effekten kan bli for kraftig og veksten kan stoppe opp.
Attribut Twin dose – 6 g + 5 ml Hussar OD + 50 ml Mero.
For de som vil blande med Flurostar for å ta vanskelig vassarve, må kornet være i BBCH 20, begynnende utvikling av sideskudd (ved BBCH 21 er et sideskudd synlig). Temperaturen må ifølge etiketten være over 8 °C, men bør være over 12 °C for å oppnå god effekt.
Flurostar dose - maks 100 ml i høstkorn. 50 – 70 ml ved tidlig sprøyting.
Oppsummert – har en store problemer med tunrapp er sannsynligvis det beste valget å behandle med
Hussar PLUS OD nå de nærmeste dagene. Ved problem med andre ugras, eg. vanskelig vassarve, bør en
vente til neste finværsperiode med mer stabil temperatur og bruke Attribut Twin.
Tunrapp.
Best behandlingstidspunkt for tunrapp er ved 2 blad, da går den nesten ikke å se. Du får effekt opp til 4 blad, etter det er den vanskelig å ta knekken på. At den skal behandles så tidlig i kombinasjon med at den vokser ned til temperaturer på 2 grader gjør den vanskelig å bekjempe i høsthvete hvis en ikke behandler med Boxer om høsten.
Start jordarbeidinga når jorda er lageleg
Når er jorda lageleg? Spørsmålet er ikkje lett å svare på fordi det alltid er snakk om vurderingar både ut frå jordtype og andre føresetnader. Det er alltid nokon som opplever at jorda oppfører seg anleis, og at om dei skal vente så lenge som vi/den lokale rådgjevaren meiner, vil dei aldri rekke å bli ferdige i tide.
Blir det våronn «mellom regnskurene» er det viktig å tenke kjøremønster, lufttrykk og totalvekt. I avlingsåret er det alltid pakking av matjorda som gir størst risiko for avlingsreduksjon. I tillegg kjem effekten av skadeleg pakking av underjorda. Grensa for skadeleg pakking av underjorda ligg omkring 6 t hjullast pr. aksling. Skadeleg pakking av underjorda gir ein liten avlingsnedgang kvart år i kanskje så mykje som 50 til 100 år etterpå. Medan skadeleg pakking av matjorda kan vera reparert alt året etter, eller i løpet av noen få år.
Forholda for jordarbeiding til korn, kan variere mye frå år til år. Eit opplegg som var bra det eine året kan vera heilt feil neste år. Derfor er det viktig å ikkje å berre kjøre på rutinen, men våge hoppe ut av traktoren og gjera ei vurdering av arbeidet. Grav i jorda, kjenn på og bruk erfaringar til å ta dei rette vala om kva som skal gjerast og når. Dei beste hjelpemidlane er vêrprognosen og fingertuppfølelsen. Det gjeld om å avslutte jordarbeidinga når den er tilstrekkeleg bra og sjekke Yr for å vera sikker på at ein rekk å så det som er klargjort.
Harva
Harva er eit viktig reiskap i våronna. Den er effektiv mot ugras, den løyser, blandar og lufter. I Trøndelag er som regel jorda både kald og litt rå, når våronna startar. Da kjem eigenskapane til ei tradisjonell harv god med. Utfordringa er å endre bruken av harva i takt med eventuelle endringar i jorda. Blir jorda veldig tørr, er det fort gjort å harve for mykje. Da kunne kanskje andre harvtyper vera minst like egna. Men for dei fleste er det berre ein drøm å ha andre alternativ, da er kunsten å tilpasse bruk og innstilling etter jorda. For å greie det, må ein ut av traktoren og ned på kne. Grav, tenk og juster innstilling og kjørefart etter behov.
På haustpløgde areal er vanleg tindeharv som regel det sikraste. Med rett innstilling som gir kontroll på harvdjup og spirefukt, blir det sjeldan feil. På vårpløgd areal kjem andre alternativ som regel betre ut. Da er utstyr med god gjenpakking som regel viktigare. I ein tørr vår er det viktig å ta vare på jordfukta, da gir reiskap som jamnar og pakker godt betre resultat. Her finst mange alternativ, tromlar med crossboard, crosskilltrommel med det same, Väderstad sin Carrier og mange andre av liknande slag.
Klart til såing
Jorda er klar til såing av vårkorn og alt anna, når jorda i dei øvste 5-10 cm smuldrar mellom fingrane. Vent med å så til jorda er lageleg. Ta med spade og grav ein prøve ned til 20-25 cm. Om du finn eit fuktig sjikt skal du vente med jordarbeidinga for å unngå skadeleg pakking, sjølv om traktoren greier jobben. Jorda er ikkje laglege før ho er opptørka ned til minst 20-25 cm. Da blir overflata lysegrå over heile arealet.
Ulageleg jord
Ved jordarbeiding på fuktig jord er risikoen mykje klump og dårleg rotutvikling på grunn av oksygenmangel i såbeddet. Dette gir dårleg næringsopptak og ei sikker avgrensing på avlingsnivået. Resultatet kjem tydeleg fram som gule åkrar i starten av vekstsesongen. Enda verre kan det bli om vi får mykje nedbør utover i mai og juni. Da kan resultatet bli drukning, både flekkvis og over større areal.
Bild 1. Harva gjør som regel et godt arbeid i våronna.
Foto: Åsmund Langeland.
Såbedd
I prinsippet skal såbeddet berre vera arbeidd så mykje at fukta blir verande i såbotn ved 4-5 cm. Da skal dei finaste partiklane vera i 4-5 cm djupn og grovare partiklar skal vera nær toppen. Rett sådjup er når kornet blir liggande i overgangen mellom fast fuktig jordbotn og smuldra jord.
Ved redusert jordarbeiding med kombinasjon av haustharving og vårharving, er det ikkje alltid like lett å få til fast fuktig såbotn og eit sådjup på 4-5 cm. Da er det aller viktigast å vera sikker på at jordarbeidinga er god nok til at såkornet blir liggande i kontakt med spirefukta.
Harving
I mange tilfeller er det nok med ei harving. Bli likevel ikkje for ”katolsk”. Det er mykje viktigare å få til jamn såbotn og plassering av såkornet på spirefukta enn å så etter for dårleg jordarbeiding. Uansett er kostnadene med ei ekstra harving små. Det er stor kapasitet på harvinga, og ei ekstra harving kan utgjøre veldig stor skilnad i spiring og avling. Stopp traktoren, bruk spade eller anna tenleg utstyr (foten) for å sjekke om harvbotn er jamn og fuktsona er rett plassert.
Dårleg spiring
Dårleg spiring av vårkorn, har to viktige årsaker. For djup såing på lett jord og plassering av kornet utan kontakt med spirefukta på leirjorda. I det gode såbeddet skal såkornet ligge på ein fast botn. Det gir spirefukt frå underliggande lag og varme frå eit luftig porøst lag.
På vendeteigar og bakketoppar er det som regel nødvendig med litt ekstrainnsats for å oppnå eit godt resultat. Ha spade i traktoren og sjekk jamleg om resultatet av innsatsen er godt nok.
Er jorda lageleg?
- Er jorda tørr nedi? Om ikkje må du vente.
- Jorda er lageleg når den er passe fuktig og smuldrar mellom fingrane
- Jorda grånar over det heil