Korn med kveke JOF
Når kveka står grøn og veksttida er lang, er bekjemping i modent bygg effektivt. Foto J.O. Forbord

(Original laga i 2012, oppdatert august 2022. JOF)

Før trøsking er kveka veldig følsam for glyfosat, på grunn av stor bladmasse i forhold til mengda av underjordiske utløparar. Det gir ein vesentleg betre transport av glyfosat ned til rotsystemet, enn ved sprøyting i stubben når bladmassen er vesentleg mindre. (Ved tidleg trøsking, god gjenvekst og sprøyting seint i oktober, kan dei to metodane nesten likestillast.)


Sprøytetidspunkt

Det skal sprøytast når kornet er så modent at det er vanskeleg å dele kjernen med neglen. Da er vassinnhaldet under 30 %. Behandlingsfristen ved bruk av glyfosat i modent bygg er 7 dagar for dei fleste produkta. Unnataket er Glypper som har 10 dagar. I praksis tilsei det å unngå bruk av Glypper i modent bygg og sprøyting når det normalt er vel ei veke til trøsking. I forsøk er det berre funne små avlingsreduksjonar ved sprøyting i ein jamt gulmoden byggåker, når vassinnhaldet er nede i om lag 37-38 prosent. ( Tilsvarer nesten to veker før normal tresking). Sprøyting i modent bygg har ingen effekt på avlinga. I staden kan ein rekne med auka utbytte gjennom mindre tap under trøskinga, når kveka har visna.

Såkorn

På areal med såkornkontrakt er det ikkje lov å sprøyte med glyfosat i modent bygg. ( Gjev sterilitet.) Om ein skal ta ut eget såkorn er det same risiko for sterilitet.

Havre og kveite

Det er ikkje lov å bruke glyfosat før trøsking i havre og kveite.

Forhold under sprøytinga

Sprøytinga bør utførast som morgonsprøyting for å utnytte luftfuktigheita – men ikkje på blaute plantar. For å vera sikker på full effekt bør det gå 4-6 timar før det kjem nedbør, når ein bruker dei vanlege 360 midla

Best resultat av sprøytinga mot kveke får ein når det blir bruka mindre enn 15 liter vatn pr dekar og kjørefarten bør ikkje vera større enn 6-7 km i timen. For stor fart gir mindre nedtrenging i kulturen.

Unngå avdrift ved bruk av glyfosatmiddel. Det kan gi skade på uønska områder. Bomhøgda skal ikkje vera meir enn 40 cm over kulturen.

Dosering

Mot kveke før trøsking er det i følgje dansk landbruksrådgjeving nok med 100 gram aktivt stoff pr dekar. Det betyr for middel som inneheld 360 gram aktivt stoff pr. liter at 275 ml pr. dekar er nok.

Kveke i modent bygg (ca 5 dagar etter gulmodning)

Middel Dose for 100 g Maks dose Regnfast etter Behandlingsfrist

Roundup 275 ml 300 ml 5-7 timer 7 dagar

Gallup super 275 ml 300 ml 5-7 timer 7 dagar

Glypper 275 ml 300 ml 5-7 timer 10 dagar

Roundup Flick 275 ml 300 ml 1 time 7 dagar

Roundup Flex 210 ml 225 ml 1 time 7 dagar

Roundup Powermax 139 g 150 g 1 time 7 dagar

Effekt på andre rotugras

Åkertistel og andre rotugras kan i prinsippet bekjempast med glyfosat. Men i følgje Dansk Landbruksrådgiving må dosen opp i 125 – 140 gram glyfosat pr dekar, for å få god effekt. I tillegg må åkertistelen og dei andre rotugrasa vera i god vekst. Det vil seie at plantene ser grøne og friske ut. Er dei brune og tørre, er bruk av glyfosat i stubben eit betre val. Etter som vi med maks dose på 300 ml berre får ut 108 gram aktivt stoff pr dekar, kan vi likevel ikkje vente fullgod effekt ved sprøyting i modent bygg.


Mye kveke JOF
Mye kveke auker risiko for legde

Sideeffektar

Samtidig med bekjempinga av kveke og rotugras, vil behandlinga sikre nedvisning av botngras og grønskott. Mot store mengder botngras er det nok med 150 -200 ml pr dekar. Det er ikkje lov å sprøyte med glyfosat mot grønskott.

Pass på åkerkantane!

Bruk aldri glyfosatmiddel på åkerkantar og anna tilgrensande areal. Nedsviing av gras, kløver, tiriltunge og andre blomster som pyntar opp, og er til glede for humle og bier, opnar for fri etablering av burot, tistel, hundekjeks og anna svineri. Hald avstand til åkerkanten og bruk andre aktuelle middel mot åkertistel med fleire. Kantslått er eit godt tiltak. MCPA , Ariane S og Flurostar m. fl er vesentleg betre val enn glyfosatmiddel og kan brukast som eit planmessig tiltak på problemområder.