Trykk på linkane under for å lese meir på nett.
- Tilskot til drenering- Det kan gjevast tilskot til drenering av landbruksjord ved systematisk grøfting, profilering og omgraving, opptil 2000 kr/daa. Anna grøfting kan støttast med 30 kr/meter. Kommunane har ansvar for denne ordninga. God drenert eng slepp ut mindre lystgass og er dermed eit godt tiltak for å redusere klimagassutslepp.
- Tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel- Tap av nitrogen som lystgass under spreiing av husdyrgjødsel, er ein av dei største utsleppspostane. Gjennom RMP-midlane kan ein søkje tilskot til nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel. Dette er tiltak som vil redusere utsleppet av lystgass til luft. Kommunen har ansvaret for denne ordninga. Det kan også gjevast tilskot til spreiing av husdyrgjødsel i vekstsesong. Her er det skilnad mellom fylka, les meir om RMP midlane:
Møre og Romsdal her.
Vestland her
- Nytt gjødsellager- Investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU) i regi av Innovasjon Norge, kan gi tilskot til bygging av husdyrgjødsellager. Inntil 20 % av bygningskostnaden og maksimalt 100 000 kr. God kapasitet på gjødsellager sikrar god utnytting av gjødsla.
- Dekke over eksisterande lager- Gjennom SMIL-midlane, som blir delt ut av kommunane. Kan ein søkje om støtte til å etablere fast dekke over eit eksisterande gjødsellager. Ta kontakt med landbruksavdelinga i din kommune for meir informasjon.
Ved bygging av tak på opne lager for storfegjødsel vil ein mest sannsynleg få auka lystgassutslepp og reduserte metanutslepp. Det reduserte metanutsleppet vil vere større enn det auka lystgassutsleppet, slik at tiltaket totalt sett vil redusere klimagassutsleppa. Grisegjødsla dannar ikkje skorpe, så her er det rett at lystgassutsleppa ikkje aukar ved bygging av tak.
- Biogass- Ved levering av husdyrgjødsel til bruk i biogassanlegg, kan ein søkje om tilskot for å dekke utgiftene til transport.
- Klimasats – støtte til klimatiltak - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)
- Fornybar energi i landbruket (innovasjonnorge.no)
- Biogass – Søk om støtte | Bedrift | Enova
- Utslippsfrie anleggsmaskiner og hydrogenkjøretøy | Enova
- Tilskudd for å levere husdyrgjødsel til biogassanlegg - Landbruksdirektoratet
Biogass er eit produkt av organisk materiale (gjødsel, matavfall, planterestar, m.m.) som er brote ned av mikroorganismar i oksygenfritt miljø.
- Landbruksbygg i tre- Tre bind karbon, dermed vil driftsbygningar som er bygd i tre binde karbon i mange år framover. Investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU) i regi av Innovasjon Norge, gir tilskot til bruk av tre som hovudmateriale i vegg og takkonstruksjon.
- Fornybar energi i køyretøy- Gjennom ENOVA kan det søkjast om støtte til innkjøp av nullutsleppskøyretøy, biogassdrivne køyretøy eller anleggsmaskiner som går på elektrisitet, biogass eller hydrogen.
- Skogplanting- Skog bind karbon, og det kan søkjast tilskot til planting av skog. Dette må søkjast om gjennom kommunen.
- Solcellepanel- Gjennom verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket (Innovasjon Norge), kan det søkjast tilskot til bygging av anlegg til produksjon av fornybar energi. Enova har og tilskotsordning for solcelleanlegg
- Klimakalkulatoren: Ein vil mest truleg kunne søkje RMP-midlar for klimarådgjeving på garden til neste år. Meir informasjon kjem. Det er også mogleg å søkje støtte til klimarådgjeving gjennom Bondelaget og Gjensidige sitt berekraftfond.