Verdifastsetting av jorda

Så snart det er avgjort at ein må avstå areal til vegutbygging, er det svært viktig at det kan dokumenterast kva jorda er verdt. Verdien av jorda er bestemt blant anna av avlingspotensialet. For å dokumentere det kan det gjerast avlingsmålingar ved at nøytral part, for eksempel Landbruksrådgivinga, haustar måleruter på areala som blir tatt i samband med veganlegget.

I tillegg bør det tas jordprøver for å dokumentere kvaliteten på jorda i forhold til næringsstoff og kalktilstand. Dokumentasjon av dreneringstilstand er viktig, da drenering er viktig for avlingspotensial og kva jorda tåler av køyring utan å bli forringa. For bonden er jord som ligg nærme garden, meir verdt enn jord som ligg langt vekk og som krev lang transport av fôr og møkk. Dette bør inn i forhandlingar.

På eigedommar der jord blir tatt til veg samstundes med at det er dyrkbar jord i nærleiken, kan det forhandlast om oppdyrking av nytt areal. Da bør det samstundes forlangast at matjordlaget frå arealet som nyttast til veg blir lagt utover på det nydyrka arealet. Ta bilete av at som blir påverka av utbygginga for å ha dokumentasjon på korleis tilstanden var før anleggsperioden.

NLR Erstatningsberegning

Kunnskap gir riktigere takst

Grunneigarlag og forhandlingar, bruk advokat

Det vil vere ei styrke for grunneigarane i eit område å danne for eksempel eit «veg-grunneigarlag». Da kan grunneigarane stå samla og sterkare når ein skal forhandle med vegutbyggar. Da kan ein oppnå at avtalar og erstatningar blir like og rettferdige. I motsett fall blir resultatet at mange grunneigarar aksepterer tilbodet dei får, medan de som er harde til å forhandle oppnår mykje meir. Det blir heilt feil og urettferdig. Det vil det vere heilt nødvendig å engasjere advokat til å sikre jussen i avtalane.

Ved alle forhandlingar må alt skrivast ned med signatur frå motparten. Årsaka er at det er så mange forskjellige personar inne i prosessane at den eine ofte ikkje veit kva den andre har sagt og lova, og utan skriftlege avtalar har grunneigar ikkje noko å stille opp med. Kommandolinene er lange frå prosjektleiar fram til den som køyrer maskin.

Det må avtalast nøye korleis jordmassane skal handterast og plasserast.

E 6 utbygging Ruste 2
E6-utbygging ved Ruste i Nord-Fron, Innlandet. (Foto: Bjørn Lilleeng)

Vegkryssing

Viss mogleg kan grunneigarane påverke kvar vegen skal leggast slik at skadane blir minst mogleg.

Med nye vegar blir det behov for å krysse vegen for å kome til jordene på begge sider av denne. Særleg ved bygging av vegar med høg veg-klasse, motorvegar og riksvegar, blir det forbode å krysse vegen i plan. Da må det byggast bru over eller undergang. Det må sikrast at bruer og undergangar er dimensjonerte for framtidige store landbruksmaskinar. Dette er kostbare løysingar, noko som gjer at det kan bli langt mellom kryssingspunkta og grunneigarane får lang transportavstand mellom skifta. Dette er ulemper for all framtid og må erstattast. I tillegg til dette må det ofte byggast avlingsvegar parallelt med den nye vegen der det er fleire grunneigarar som blir råka. Dette tek og areal og krev vedlikehald med årlege kostnader. Her må det takast omsyn ved erstatningar.

Grunneigarane må krevje skikkeleg gjerding på begge sider av ny veg på alle vegklasser.

Stikkrenner og kulvertar

Nye vegar vil som regel krysse bekkar og vassig, slik at det må leggast stikkrenne eller kulvert under for å føre fram vatnet. Da må det nyttast store nok dimensjonar som kan ta unna vassmengdene som kan kome ved ekstreme nedbørsituasjonar. Det er svært viktig at stikkrenner og kulvertar blir lagt djupt nok slik at ikkje desse konstruksjonane fører til heving av grunnvatnet og forsumpar jorda ved sida av. Særleg på flate areal der det er dreneringssystem som skal føre ut vatn er dette ekstra viktig.

Der det er bekkar og elver som må gå under vegen er det viktig at det blir bygd sedimentasjons-basseng og rister framfor stikkrenner eller kulvertar for å fange opp material som kan bli ført med vatnet i flaumsituasjonar. Ved tetting av stikkrenner vil vatnet flaume inn over jordet og særleg på flat mark, kan det gje store skadar på avling og jord. I tillegg vil vatnet finne andre far og gjere skade ved graving og erosjon.

Viss det er planar for framtidig utbygging av vatningsanlegg, må det forlangast at det blir lagt ned rør for gjennomføring av vassrør og straumkabel.

DSC 0001 10
E6-utbygging i Gudbrandsdalen. (Foto: Oddbjørn Kval-Engstad)

Korleis ta best vare på jorda?

Ved store vegutbyggingar blir det oftast store areal på begge sider av ny veg som er anleggsområde fram til vegen er ferdig. Her blir det mye trafikk med tunge maskiner og jordstrukturen blir øydelagt og ein får djuptgåande pakkingsskadar som det kan gå mange år før den er oppretta. Særleg kan drensgrøfter og vassårer bli øydelagt og ein får vassoppslag seinare. Ved kontraktskriving må det tas omsyn til slike skadar som først viser seg etter at anleggsperioden er over.

Når det skal leggast veg over dyrka jord eller dyrkbar jord, må ein redde mest mogleg av det øvste laget av jordprofilet. Det kan gjerast ved at matjordlaget først blir lagt godt til sides i ein eigen ranke med denne jordkvaliteten, dernest må den øvste undergrunnsjorda, kanskje ned til ein meter djupne, bli lagt til sides før arbeidet med å grave ut sjølve vegtraséen startar.

Når vegen er bygd og dette anleggsarealet skal førast attende til dyrka jord, må først undergrunnen planerast, deretter legg ein undergrunnsjorda som var tatt av attende og stein må vere fjerna. Matjordlaget blir deretter lagt jamt på toppen. Ein må krevje dette arealet attendeført ferdig til såing. Det må sjekkast at det er gjort godt arbeid før ein går til godkjenning.

Der drenssystem er skipla, må det kontrollerast at skøyting av drensrør er gjort skikkeleg, at det blir brukt rett filtermaterial og at grøftene er djupe nok. Ofte må vatnet frå fleire drensgrøfter samlast i samlegrøft før det kan krysse vegen. Viss mogleg bør drensgrøftene samlast i kum eller i open samlegrøft for at det skal vere mogeleg å kome til med spyling i framtida.

Når ny veg kryssar nedlagte vatningsanlegg eller vassforsyning til hus og gard må det også sikrast at dette blir gjort i stand att på ein slik måte at det ikkje blir framtidige problem med vedlikehald og ettersyn. Desse røra og kablane må leggast i varerør, slik at det vil vere enkelt å trekke ut og inn rør som må skiftast.

Ettersyn i anleggsperioden

Sjølv om ein har kontrakt på korleis alt skal ordnast under bygginga av vegen, vil det vere heilt nødvendig for grunneigaren å følgje med og kontrollere at alt blir gjort rett, fordi veganlegga ofte blir utført med stor hastigheit og mye maskinar og folk. Ofte blir ikkje kontraktane granska nøye og viktige detaljer blir forsømt. Da er det viktig å kunne møte på anleggsområdet med gyldig kontrakt når arbeidet må korrigerast.

DSC 0008 9
E6-utbygging i Gudbrandsdalen. (Foto: Oddbjørn Kval-Engstad)